Folkesongforum 2017 - tonalitet, gehør og stemmebruk

Musikkhøgskolen v/ CEMPE inviterar til forum for folkesongarar, pedagogar og forskarar som nyttar folkesongen i sitt virke der vi skal lære av kvarandre, og bli inspirert til vidare arbeid. Forumet vil ha eit praktisk fokus.

Fagleg ansvarlig: Unni Løvlid

Når: Frå fredag 20. oktober kl 17.00 til søndag 22. oktober kl. 14.00

Kvar: Norges musikkhøgskole, Slemdalsveien 11, Oslo

Pris: Studentar kr 600,-. Andre kr. 1.500,- for heile helga. Lunsjer og kaffepauser er inkludert.

Påmeldingsfrist

9. oktober 2017
Trykk her for å komme til påmeldingsskjema

Påmeldingen er bindende. Dvs at deltakeravgiften blir ikke refundert dersom avmelding etter påmeldingsfristen.

Målgruppe

Folkesongarar, pedagogar og forskarar som nyttar folkesongen til sitt virke.

Dette forumet kan óg vere av interesse for andre folkemusikarar, songarar, gehørlærarar, dirigentar, komponistar m.m.

Om Folkesongforum

Folkesongforum 2017 er eit samarbeid mellom CEMPE og Musikkhøgskulen. I år er hovudtema stemmebruk, gehør og tonalitet, med fokus på tonalitet og identitet. Vi ønskjer å gjere forumet så praktisk-orientert som mogleg, og vonar at forumet kan vere ein møtestad for folkesongarar og andre som er interesserte i desse temaene slik at vi kan bygge kunnskap og eit felles språk kring dei utifrå folkesongen. Der vert foredrag og fellesundervisning kvar dag der alle er aktive. Foredraga vil fyrst ha fokus på å gi oss eit felles språk om dei ulike temaene, for så å presentere ulike teoriar som kan leie vidare til diskusjonar om ulike innfallsvinklar til eigenøving, bevisstgjering/ny kunnskap og undervisning.

Laurdag kveld vil tre av folkesongstudentane halde ein konsert med tonalitet som tema.

Program Folkesongforum (med atterhald om endringar)

 

Bidragsytarar

Unni Løvlid - Universitetslektor i folkesong/kveding ved Norges musikkhøgskole. (Omtale av den siste plata hennar)

Steinar Ofsdal -  professor i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole og leiar av folkemusikkstudiet.

Per Åsmund Omholt - førsteamanuensis i folkemusikk ved Høgskolen i Sørøst-Norge (Rauland)

Mona Julsrud - førsteamanuensis i song ved Norges musikkhøgskole

Kirsti Kristiansen - logoped

Helene Waage - folkemusikar

 

 

 

 

Sist oppdatert: 3. august 2017