Folkesongforum 2019

Eit fagleg forum for folkesongarar frå dei ulike tradisjonane i Norge, studentar og forskarar innan fagfeltet.
Årets tittel: Undervisning og ulike læremåtar innan folkesong

Fagleg ansvarlig: Unni Løvlid

Når: Frå fredag 11. oktober 2019 kl 17.00 til søndag 13. oktober kl 15.00

Stad: Norges musikkhøgskole, Slemdalsveien 11, Oslo

Pris: Studentar kr 600,-. Andre kr 1.500,- for heile helga. Lunsjer og kaffepauser er inkludert.

Påmeldingsfrist

6. oktober 2019 
Trykk her for å komme til påmeldingsskjemaet
Påmeldinga er bindande. Dvs at deltakeravgifta ikkje vert refundert dersom avmelding etter påmeldingsfristen.

Målgruppe

Folkesongarar frå dei ulike tradisjonane i Norge, studentar og forskarar innan fagfeltet
Dette forumet kan óg vere av interesse for andre folkemusikarar, pedagogar, gehørlærarar, dirigentar, komponistar m.m.

Om Folkesongforum

Tema for forumet er "Undervisning og ulike læremåtar innan folkesong". Vi vil invitere utøvarar, pedagogar og forskarar til å belyse tema. Forumet har som mål å være ein samlingsstad der ulike generasjonar folkesongarar møtest og inspirerar kvarandre, og slik være med å bygge fagmiljø. Program vert lansert i august.

Norges musikkhøgskole har i samarbeid med CEMPE gjennomført to Folkesongforum. Tema i 2017 var tonalitet, og i 2018 teknikk, ideal og mangfald. Tema for 2019 vert undervisningsmetode innan folkesong. Forumet går over tre dagar, og vil bli organisert som foredrag, masterclass, samtaler og diskusjonar.

Program Folkesongforum 2019.pdf

 

Sist oppdatert: 15. juli 2019