hardingfele-1-3613 f Kimm Saatvedt-2013.jpg

Foto: Kimm Saatvedt

Hardingfeleforum 2019

Eit fagleg forum for hardingfeleutøvarar frå dei ulike tradisjonane i Norge, instrumentbyggjarar, forskarar innan fagfeltet og studentar.
Årets tittel: "Den gode tonen"

Når:  Frå fredag 4. oktober 2019 kl 17:00  til søndag 6. oktober kl 15:00.

Stad:  Norges musikkhøgskole, Slemdalsveien 11, Oslo

Kursavgift:  Studentar kr 600,-. Andre kr. 1.500,- for heile helga. Lunsjer og kaffepauser er inkludert.

Påmeldingsfrist:   29. september 2019
Trykk her for å komme til påmeldingsskjemaet
 
Påmeldinga er bindande. Dvs at deltakeravgifta ikkje vert refundert dersom avmelding etter påmeldingsfristen.

 

Målgruppe

Hardingfeleutøvarar frå dei ulike tradisjonane i Norge, instrumentbyggjarar, forskarar innan fagfeltet og studentar.

Dette forumet kan óg vere av interesse for andre folkemusikarar, styrkarar, gehørlærarar, dirigentar, komponistar m.m.

 

Om Hardingfeleforum 2019

Tema for forumet er «Den gode tonen». Vi vil invitere forskarar, instrumentmakarar og utøvarar til å belyse tema. Laurdag vil vi ha ein meisterklasse der utøvaren får tilbakemelding frå heile rommet. Søndag vert det instrumentverksted med Ottar Kaasa der han viser korleis justere stolen, bytte understrengar, smøre skruar og vaske boge.

Fagleg ansvarleg for forumet er Unni Løvlid i samarbeid med Håkon Høgemo, Knut Buen og Dextra

Program for Hardingfeleforum 2019

Spørsmål?

imported-image

Åse Karin Hjelen

Rådgiver
Studie- og FoU-seksjonen
Sist oppdatert: 2. juli 2019