Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Merete Holme: Musikkterapi for ungdom med emosjonelle vanskar: ein open klinisk studie

Portrett av Merete Holme

Prosjektets fulle tittel er "I've got music in me." Musikkterapi for ungdom med emosjonelle vanskar: ein open klinisk studie.

Fagområde: Musikkterapi

Samandrag

Bakgrunn

Depresjon og angst representerer store utfordringar for ungdom, og er blant dei viktigaste årsakene til sjukdom og redusert livskvalitet globalt. Vansker med emosjonsregulering blir i aukande grad forstått som ein sentral underliggjande faktor i desse tilstandane. Sjølv om etablerte behandlingar, som psykoterapi og medikamentell behandling, er hjelpsame for mange, er det eit aukande behov for fleksible og personretta tilnærmingar som er meir tilpassa ungdomspopulasjonen.

Metode

Denne opne kliniske studien undersøker musikkterapi som eit supplement til standardbehandling i psykisk helsevern, for ungdom med emosjonelle vansker. Prosjektet er ein mixed - methods studie, og er eit samarbeid mellom Norges musikkhøgskole og ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Oslo. Deltakarar i alderen 13–18 år deltok i eit 10‑vekers musikkterapiprogram, der vi kombinerte aktiv musisering, refleksjon kring eigen bruk av musikk, og arbeid saman med å lage lytteliste.

Studien har som mål å bidra til forståing av korleis musikkterapi kan støtte ungdom som opplever ulike moderate til alvorlege psykiske vanskar, med særleg fokus på emosjonsregulering. Ved å nytte kvantitative og kvalitative data undersøker prosjektet både moglege endringar i utfallsmål og korleis ungdom sjølve opplever og nyttar musikk som ein meiningsfull ressurs i kvardagen.

Relevans

Studien har som mål å vidareutvikle forståinga av rolla til musikkterapi i klinisk praksis, og å løfte fram potensialet for musikkterapi som ei fleksibel og engasjerande tilnærming i psykisk helsevern for ungdom. Resultata vert publisert i 2026/27 og peikar på lovande trender når det gjeld bruk av musikk i ulike emosjonsreguleringsprosessar.

Artikler relevante

Publisert: 8. juni 2022 — Oppdatert: 8. juni 2026