Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ein stemme for mot – etterklang frå Arne Nordheim

Arne Nordheims briller. Foto: Siv Dolmen

Ding-dong eller dong-ding og arven etter Arne Nordheim er tittel og tema for en todagers festival 5. og 6. februrar. To dagar som heidrar komponistens mot med musikk, film, lydkunst og framsyningar skapt av ulike kunstnarar gjennom grensesprengande og modige kunstnarlege prosessar.

Kva er mot for ein kunstnar? Prinsipielt er det ein vilje til å gå inn i det ukjente, ein streven etter kreative mål som ligg utanfor kunstnaren sine tidligare erfaringar, som krevjar ny kunnskap og nye evner. Mot er å aldri slå seg til ro med komfortabel repetisjon av tidligare suksessar. Slikt mot hadde Arne Nordheim flust av.

Som han sjølv sa «Mot, personlig mot, tror jeg har vært viktig i det jeg har drevet med. Jeg har faktisk et godt rykte for å være, ja: modig». Han var kan hende også modig i sine eigenvurderingar.

I studieåra 1948-1951 ved Musikkonservatoriet i Oslo (det som no er Norges musikkhøgskole) fokuserte Nordheim fyrst på emner i teori og orgel, før han byrja å komponere. For hans generasjon av komponister representerte elektronisk musikk ei ny grensesprengande sone å arbeide i. Men Nordheim si kvilelause nysgjerrigheit gjorde hans kunstnariske virke til ei evig variert reise, frå middelalder- og renessansemusikk til avant garde og musikkdrama. Frå eit nært vennskap med Frank Zappa til ei djup interesse for litteraturen, og særleg Henrik Ibsen sine drama, munna ut i fleire verk som i dag står som nasjonalskattar i den norske musikalske kanon. Men det var leik og eksperimentering som dreiv Nordheim til å sprenge grenser.

Underhaldande – også for dei som ikkje likte «pling-plong»

Heile Norge fekk vere med på denne leiken. Det halvlange rufsete håret og brillene vart nærmast ikoniske for samtidsmusikk etterkvart som den veltalande mannen med den mjuke stemmen vart kjend for folk flest gjennom fjernsynet. NRK fekk sleppa inn i Nordheim sitt studio, kor han viste fram sine nyaste påfunn, instrument og nye metodar for å skape lyd, klangar og musikk. Han var underhaldande, også for folk som ikkje likte «pling-plong» eller hadde noko vidare interesse for kunstnarleg eksperimentering. Slik fekk mange eit oppvekkande innblikk i korleis kunst blir til. Og sjølv om Nordheim lekte og innoverte, var det ikkje på kompromiss med kvalitet og høg kunstnarleg standard. Så viktig var Nordheim for kunsten i si tid, at han fekk livslang bustad i den nasjonale kunstnarbustaden Grotten i slottsparken, den høgste æra ein norsk kunstnar kan visast av kongeriket. Nordheim var heile Norge sin samtidskomponist – folkeleg og eksentrisk på ein gong.

Kva for ei arv har Nordheim etterlatt seg?

I 2020 er det ti år sida Nordheim døydde. Utanom dei mange og varierte verka som jamleg får nytt liv i orkester, ensemble, artister og hjå lyttarar verda rundt, kva for ei arv har Nordheim etterlatt seg? For komponistspirar som såg han på fjernsynet og høyrde han snakke i radio representerte han eit særleg kunstnarideal – den modige, leikne og evig nyfikne komponisten. Idealet lever framleis. Det står i skarp kontrast til andre enklare målbare kvalitetar som musikkindustrien i dag bruker for å setje tal på musikken sin verdi og suksess, som strømmetal på Spotify, tal på selde konsertbillettar, følgjarar på Instagram, moglegheiter for marknadsføring og inntening. Ein skal være modig for å stå imot slike mål. Kan hende også dumdristig, for utsiktene for å tene til livets opphald som samtidskomponist er mørke. Og kva skal vi dessutan med denne musikken?

«Jeg har faktisk et godt rykte for å være, ja: modig.»

Arne Nordheim Aftenposten 20. juni 2006

Den modige musikken er ikkje tiltenkt store publikum, den blir til med andre mål i mente, som å bringe musikken vidare og inn i nye rom, å skape noko vi ikkje har høyrt før, å skape nye lytteopplevingar og måtar å lytte på, å trekkje nye assosiasjonar mellom verkelegheitar, sanning, ynskjer og fiksjon, å seie noko om korleis verda kjens no utan å ty til oppbrukte uttrykk og forklaringsmodellar, å opne øyrer og auger hjå folk, slik at vi kan få høyre, sjå og forstå verda på nye måtar. Det trengs, kan hende no meir enn nokon gong.

Stoppeklokka piper kvar dag kl. 13.30

Kl. 13.30, kvar ettermiddag, piper ei stoppeklokke På Arne Nordheim-senteret (Nordart) ved Norges musikkhøgskole. Det var Arne Nordheim som stilte klokka inn slik. Arbeidsdagen vart delt opp med ein alarm. Saman med partitur, opptak, notatar, diverse memorabilia (deriblant dei kjende brillene) er stoppeklokka ein del av arven frå Nordheim som senteret forvaltar. Klokka går og alarmen lyder framleis, men i dag er ho ei påminning til musikkforskarar og -studentar som arbeider i senteret om å vere årvaken, flittig og presis, slik Nordheim var. Desse kvalitetane vert innprenta i musikkstudentar og stipendiatar. Og innovasjon skal aldri vere på kostnad av kvalitet. Men mest av alt bør alarmen minne om å vere modig.

For Nordheim kulminerte dette motet i ein oeuvre av ekstraordinært mangfald og oppfinnsamheit, frå fabelaktige orkesterkomposisjonar til grensesprengande verk innan den elektroniske musikksfæren. Samla utgjer dette ei distinkt og dyrebar arv til norsk kulturliv og til kunsten.