Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Bach-kantatar

Songarar, strykarar og blåsarar framfører kantatar av Johann Sebastian Bach (1685–1750).

Pasjonane til Bach er nokre av dei mest skatta av vokalverka hans, men dei 200 kantatane inneheld på same måte vidunderlege ariar der Bach sin genialitet som komponist og instrumentator utfaldar seg til det fulle. Vi har dukka ned i nokre av desse kantatane, og serverer på denne konserten eit knippe ariar der både songarar og soloinstrumentalistar får utfalde seg i både patos og det lyriske, i det kraftfulle og det sarte.

Medverkande

  • Songarar, strykarar og soloblåsarar frå bachelor- og masterstudiet
  • Christian Kjos (ensembleleiar og cembalist)

Publisert: 13. jun. 2022 — Oppdatert: 28. jul. 2022