Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Bare spell – skeiv edition

Logoen til konsertserien Bare spell

Låtskriver-konsertserien Bare spell bidrar med skeiv edition under NMH på skrå.

Bare Spell er ein konsertserie der låtskrivarar frå Norges musikkhøgskole får moglegheita til å prøve ut musikken sin med eit sett husband. Kom og høyr kremen av Oslo sine musikkstudentar teste ut heilt ny musikk, øvd inn på veldig kort tid. Denne kvelden blir fullspekka med høg kvalitet og lave skuldrer.

Omtale

I 2022 er det 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. Dette blir markert over heile landet under paraplyen Skeivt kulturår. Vi på Musikkhøgskolen markerer også skeivt kulturår, og veka har fått namnet NMH på skrå.

NMH på skrå set varme, toleranse, mangfald, medmenneskelegheit og fridom på dagsorden, og føregår på Musikkhøgskolen mellom 1. og 6. november. Veka byr på konsertar, panelsamtalar og sosiale arrangement. Konsertane vil representere eit spekter av sjangrar, komponistar og utøvarar, som på kvar sin måte og saman speglar vekas tematikk.

At vi kan vere akkurat den vi er, som musikar, kunstnar og menneske, angår alle uansett fil. Set av veka og bli med på kunstnarleg, verbalt og tenkjande skråplan og feiring av NMH på skrå.

Publisert: 13. sep. 2022 — Oppdatert: 3. nov. 2022