Program
- Workers Union, komponert av Louis Andriessen
- Bånsull frå Telemark. Trad, arr. Frank Havrøy
- Med en bukett, komponert Torbjørn Dyrud / tekst: Henrik Wergeland
Om musikken og komponistane
Torbjørn Dyrud har komponert musikk til eit kjærleiksdikt av Henrik Wergeland. Dyrud har studert ved NMH og jobbar no som kapellmeister, visesongar, komponist og organist.
Frank Havrøy er professor i ensemblesong ved NMH og har i ei årrekke vore ein del av den anerkjende vokalgruppa Nordic Voices.
Dirigent av oppstartkoret er professor i kordirigering og viserektor Vivianne Sydnes.
Workers Union er skrive av den nederlandske komponisten Louis Andriessen i 1975. Stykket har med andre ord 50-årsjubileum i år. Stykket er skrive for «any loud sounding group of instruments», noko som passar bra når ca. 70 unge bachelorstudentar frå ulike musikalske sjangrar og praksisar skal spele saman for første gong. Workers Union består av ei rekke repeterande rytmar dei skal framføre med stor individuell fridom i val av toner og instrumentering, men som tittelen antydar, er samspel, samhald og styrke eit bindande element.
Samspelsprosjektet blir leia av fagseksjonsleier og førsteamanuensis John Vinge og slagverkprofessor Kjell Tore Innervik. Musikarar frå Oslo sinfonietta medverkar.