- Gjennomføres: Eit semester, haust
- Avsluttande vurdering: Vurdering frå faglærar
- Undervisningsspråk: Norsk og/eller engelsk
- Forhåndskrav: Emnet er for strykarar
Kort om emnet
Gehørbasert læring utifrå norsk folkemusikk. Emnet er forbeholdt strykarar. Gjennom repertoarlæring får studentane innføring i strykemønstre, rytmikk og tonalitet i norsk folkemusikk. Om studenten ynskjer, kan ein inkludere repertoar frå andre sjangarar som har folkemusikkalske stiltrekk, og jobbe med fortolkning.
Det er ein fordel at studenten har tilgang på ein fiolin.
Emneansvarleg: Fagseksjon for improvisert musikk, jazz og folkemusikk
Læringsmål
Ved fullført emne er det forventa at studenten:
- kan framføre minimum ein tradisjonell slått solo, og eit repertoar i samspel
- har refleksjon kring folkemusikalske stiltrekk
- viser evne til å lære på øyret
- behersker et folkemusikalsk repertoar
- dokumenterer repertoarliste
- kan forholde seg til folkemusikalske stiltrekk
Innhald
I emnet jobbar ein med å trene på å lære via øyret, innlæring av repertoar, og får ei grunnleggande innføring i folkemusikalske stiltrekk.
Organisering
Emnet vil bli gjennomført som ukentlig undervisning. Det kan være aktuelt å samle nokre av timane og delta på konsertar eller dansespel saman med folkemusikkstudentane. Studentane vil få informasjon om aktivitet innan folkemusikk som skjer internt, som dei kan delta på om dei ynskjer.
Arbeidskrav
- Det er obligatorisk, aktiv deltaking i undervisninga. Dette inneber at fråvær på meir enn 20 prosent normalt fører til at studenten ikkje får godkjent emnet.
- Studenten må levere repertoarliste på minimum 6 slåttar til hovudvegleiar.
Avsluttande vurdering
Alle arbeidskrav i emnet må væra godkjent for at studenten skal få avsluttande vurdering.
Studenten blir vurdert i forhold til læringsmålet til emnet. Avsluttande vurdering blir uttrykt ved bestått/ikkje bestått. Karakteren blir fastsett på grunnlag av ei individuell vurdering av det faglege nivået til studenten gjennom arbeidet med emnet.
Ny vurdering
For ny vurdering gjeld same ordning som for ordinær vurdering.