- Gjennomføres: Eitt semester, vår
- Avsluttande vurdering: Vurdering frå faglærar
- Undervisningsspråk: Norsk
Kort om emnet
Innføring i norsk folkesong. Studentane lærer på øyret og får innføring i stiltrekk som rytmikk, tonalitet, ornamentikk, frasering og historie. Det kan vere aktuelt å inkludere innlæring via arkivopptak og notar ved behov.
Emneansvarleg: Fagseksjon for improvisert musikk, jazz og folkemusikk
Læringsmål
Ved fullført emne er det forventa at studenten:
- kan framføre ein folketone åleine
- har kunnskap om norsk folkesong, og kjenner til sentrale utøvarar
- viser refleksjon kring kva folkesong er, og kan relatere det til eiga utøving
- beherskar grunnleggande stiltrekk som ornamentikk
- dokumenterer ei repertoarliste på minimum 6 songar
- kan formidle ein folketone åleine og saman med andre
Innhald
Studentane får lære repertoar på gehør, utforske ulike måtar å bruke materialet på saman, få innføring i stiltrekk som rytmikk, ornamentikk og tonalitet. Samtale om kva folkesong er, reflektere over det saman, og sette repertoaret inn i historisk og kulturell kontekst.
Organisering
Undervisning blir gjennomført ukentlig. Ved behov kan det vere aktuelt å samle nokre timar for å kunne gjennomføre aktivitetar saman med folkemusikkstudentane eller eksternt. Emnet vil bli undervist i gruppe.
Arbeidskrav
- Det er obligatorisk, aktiv deltaking i undervisninga. Dette inneber at fråvær på meir enn 20 prosent normalt fører til at studenten ikkje får godkjent emnet.
- Den enkelte student skal levere repertoarliste på minimum 6 songar til emneansvarleg. Studenten må kunne framføre ein folketone solo, og eit repertoar saman med dei andre studentane.
Avsluttande vurdering
Alle arbeidskrav i emnet må vere godkjent for at studenten skal få avsluttande vurdering.
Studenten blir vurdert i forhold til læringsmålet til emnet. Avsluttande vurdering blir uttrykt ved bestått/ikkje bestått. Karakteren blir fastsett på grunnlag av ei individuell vurdering av det faglege nivået til studenten gjennom arbeidet med emnet.
Ny vurdering
For ny vurdering gjeld same ordning som for ordinær vurdering.