Bortsett frå å øve intenst på musikken på øverommet, og håpe at det sitt i situasjonen der det gjeld som mest? Korleis kan ein rigge til øvingssituasjonar som liknar så mykje som mogleg på konsert eller prøvespel, når hjertet bankar fort og munnen blir tørr?
Slike problemstillingar har professor Aaron Williamon og Terry Clark ved Centre for Performance Science ved Royal College of Music (RCM) i London arbeidd med sidan 2011. Dei har fått bygd ein prestasjonssimulator, eller performance simulator på engelsk. Seniorforskar Johannes Lunde Hatfield og førsteamanuensis Guro Gravem Johansen frå CEMPE besøkte RCM 13. juni 2017 for å få informasjon om simulatoren, og observere korleis den fungerer.