Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Kåra til beste Grieg-tolkar

Sigurd Slåttebrekk

Det finst over 400 innspelingar av Grieg sin pianokonsert. Magasinet Gramophone har sett seg fore å finne ut kva for ein som er aller best.

«Some would say that to compare them is a foolhardy task, one that’s impossible to complete successfully» skriv kritikar Jeremy Nicholas i januar-utgåva av det kjende musikkmagasinet.

Sigeren gjekk til klaverlærer og tidlegare stipendiat ved Musikkhøgskolen, Sigurd Slåttebrekk.

– Det kjennest ordentlig stort. Overveldande, eigentleg. Dette er ein av verdas mest spelte, og innspelte, konsertar, seier hovudpersonen sjølv.

Han får utmerkinga for ei innspeling som blei gjort i samband med 100-årsmarkeringa for unionsoppløysinga i 2005, saman med Oslo-Filharmonien og Michail Jurowski.

I 2010 kom Slåttebrekk si plate «Chasing the Butterfly», der den same innspelinga av a-mollkonserten blei inkludert. Utgjevinga var nominert til Spellemannprisen same år.

– I og med at eg no har kome tilbake til Musikkhøgskolen, er det også eit hyggjeleg poeng at denne innspelinga på sett og vis blei innleiinga på mitt forskingsprosjekt i romantisk framføringspraksis ved NMH, seier Slåttebrekk.

– Arbeidet på dette feltet er seinare sterkt vidareført av Are Sandbakken og fleire kollegaer på huset, mellom anna ved at Sandbakken og Morten Carlsen har utvikla det til eit eige fag for masterstudentar. For dei som er interessert i romantisk framføringspraksis og/eller Grieg, er forskningsprosjektet lett tilgjengeleg og rikt på lydeksempel, seier han.

«He is always on the qui vive, pushing things forwards, then relaxing into the most sublime reflections. And even after a lifelong familiarity with this much-loved work, it’s a performance that greatly moved me,» meiner Nicholas i Gramophone.

Slåttebrekk er i godt selskap. Innspelinga hans blir trekt fram mellom andre store namn i lista til Gramophone, som Leif Ove Andsnes, Arthur Rubinstein, Arthur de Greef og Howard Shelley.