Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Bror utan ord

Tor Espen Aspaas. Foto Eirin Sørum

Ein bror du ikkje kan nå med ord. Ei andakt med menneske fødde utan syn og høyrsel. Ein komponist, fødd for 250 år sidan, som høyrde gradvis mindre og til slutt ingenting av sin eigen musikk. Med eitt heng alt uløyseleg saman for meg.

I

Eg kjem til bror min i heimen hans ein tidleg haustdag. Vi ser ikkje kvarandre for ofte; han bur på Røros, eg bur i Oslo. Han har tida, eg har klokka. Eg ser det med det same eg kjem inn i rommet: I dag er han langt borte, i si eiga verd.

«Hei, Svend Are», seier eg.

Han ser i mi retning, utan å sjå meg, eg er der ikkje enno.

«Hei på deg, litlebror?» Eg set meg inntil han, men kunne like godt vore ein heilt annan stad. Prøver med eit par låge strofer av «Blåmann», eller «Sulla meg litt», songar som enno kling djupt i liva våre ein stad, frå kveldar og netter då han ikkje fann ro, og eg la meg jamsides han. Ingen av oss hugsar no kven som sovna fyrst.

«… skal du få snor på trøya di …»

Blikket til bror min er fjernt, han legg hovudet på skrå slik han alltid gjer når han høyrer lyd som minner han om noko. Han lyttar djupt.

«… vil du ha gule, vil du ha blå? Vil du ha dei med sylvknappar på?»

Og no finn han att røysta mi. Dei klarblå auga hans samlar seg, ser rakt i mine og blir varma av eit smil. Utan ord er det som dei seier: «Er det du som kjem, bror? Velkomen. No skal me ha det fint i lag.»

Ingen veit kva som hende med bror min, kvifor han vart annleis. Hjerneskade under svangerskap eller fødsel, oksygenmangel, eit sjeldsynt syndrom, degenerativ epilepsi – det er hypotesar. Cerebral parese er ein diger diagnosesekk. Han kan lære seg enkle fysiske handlingar og rutinar som å gripe ein kopp, drikke, sette koppen ned att på bordet. Så kjem det ein periode med harde epilepsianfall, då kan det han omsider meistra, bli sletta ut. Borte. Bror min eig ingen ord og forstår dei ikkje, men han snakkar kroppsspråk flytande. Og han er glad i musikk. Det er vi båe. Knapt nokon har høyrt meg spele meir enn han, øving seint og tidleg medan vi vaks opp saman. Bror min likar å høyre på, helst når eg speler noko levande med god rytme, men utan så bratte kast at han skvett, for då kan det bli anfall av det. Mor mi seier at når det blir spelt pianomusikk på radioen, gløttar han bort på ein gamal konsertplakat som heng på veggen med bilete av meg: storebror som alvorleg kunstnar. Rett komisk gravalvorleg, tenkjer han kanskje, men han høyrer likevel at det er meg.

Bror min eig ingen ord og forstår dei ikkje, men han snakkar kroppsspråk flytande. Og han er glad i musikk.

Tor Espen Aspaas pianist og professor

II

Seinare på hausten. Lauvet fell som eld rundt Tomaskyrkja ved Andebu i Vestfold. Eg kjem fordi det er noko eg berre kan erfare her, noko eg treng hjelp med å forstå. Tomaskyrkja er den fyrste og til no einaste sansekyrkja i verda, symboltungt oppkalla etter disippelen som tvilte, heilt til han fekk legge sine eigne hender på den oppståtte kroppen til Jesus, kjenne han, levande. Kyrkja vart vigsla i desember 2012 og «legg til rette for å bruke så mange sansar som mogleg for å oppleve Guds nærvær», står det på nettsida til stiftelsen Signo («eg gjer teikn» på latin) som driv staden. Arbeidet tok til allereie i 1898 då Noregs fyrste døveprest, Conrad Svendsen, kjende han måtte gjere noko med at døve ikkje fekk konfirmasjonsundervisning. Teiknspråk er, slik namnet Signo indikerer, grunnmuren i arbeidet deira: teikn jamsides tale, «taktilt og haptisk teiknspråk, alternativ og supplerande kommunikasjon», har eg lese på nettsidene.

Døvepresten Marco Kanehl tek varmt imot meg og fortel om staden, om filosofien, om atypisk kommunikasjon. Eg er altså førebudd, men likevel ikkje på det eg skal erfare no, syner det seg.

Røykelse. Installasjonar. Ta på, kjenne. Rennande vatn over relieff med bibelvers. «Den som drikk av det vatnet eg vil gje …» Kyrkjerommet er kvadratisk med eit arkitektonisk ekko i tre plan, kvitt og lyst under eit glastak der ein kan sjå høge tre med snart nakne greiner strekke seg inn i hausthimmelen. Under himlinga heng lysorgel som pulserer med 54 basshøgtalarar kopla til kraftige forsterkarar under parkettgolvet, innfatta av polerte skiferheller med nedfelte leielys. All lyd, all musikk blir vibrasjonar for dei som sit på tregolvet. Sko tek du av deg utanfor; du skal sjølv bli eit instrument, ein resonanskasse som vibrerer og kling saman med dei andre, som éin kropp.

Gudsteneste for døvblinde og døvblindfødde i Tomaskyrkja, ei andakt gjennom atypisk kommunikasjon. Berre musikk. Berre puls, inga tid. Halde hender. Berre vere, kompromisslaust, den ein eigentleg er. Vibrere seg saman, i all si ulikheit. Jenta med det lyse håret, ho som aldri har høyrt eller sett, men som openbert sansar sterkare og meir direkte enn eg trur eg nokon gong sjølv har gjort. Ho er i finsleg dialog med assistenten sin (den som «snakkar», held hendene øvst, den som «lyttar», held under) med tynne, vare fingrar. Egil Hovlands «Måne og sol» veks opp i oss gjennom golvet. Jenta les vibrasjonane og syng med, syng på sitt vis. Kven trong vel teksten? Den er der. «…bærer oss fram, dag etter dag…» Og ho som aldri har høyrt eller sett, treffer den høge tonen, klokkereint, og held han fast!

Eg græt for fyrste gongen på det eg kan hugse, og eg undrast. Undrast over at eg kan ha vore musikar så lenge – og levd endå lenger – utan å hugse eller erkjenne, utan å ta inn over meg den fulle, overveldande sanninga eg lærer i Tomaskyrkja denne haustdagen: at musikk er atypisk kommunikasjon. At det er nett dét musikk er.

Jenta med det lyse håret, ho som aldri har høyrt eller sett, men som openbert sansar sterkare og meir direkte enn eg trur eg nokon gong sjølv har gjort.

Tor Espen Aspaas -

III

Då Franz Schubert var på min alder, hadde han vore død i 16 år. Han overlevde det store idolet sitt, Ludwig van Beethoven, med eit drygt år, men det næraste han kom han, var som fakkelberar i fylgjet bakom meisteren si kiste i slutten av mars 1827. Beethoven sjølv hadde då han gjekk bort, slite med høyrselen sidan 1797 og vore heilt døv i nesten ti år. Tru berre ikkje at «heilt døv» innebar at det vart stilt i hovudet hans. Vore det berre så vel; han leid av både tinnitus og hyperakusis, det vil seie øyresus og smertereaksjon på høge, uventa lydar («… nur meine Ohren sausen und brausen Tag und Nacht fort», skreiv han sjølv i dagboka).

Biografen Åke Holmquist skriv så treffande om året 1802 at dét var året då kunstnaren Beethoven overlét mennesket Beethoven til lagnaden. Kunstnaren fekk fortsetje ferda mot triumf og udødelegheit, medan det med mennesket fekk gå som verst det ville. I det såkalla «Heiligenstadt-testamente», datert 6. oktober 1802, eit brev som aldri vart sendt til brørne Carl og Johann, skriv Beethoven nådelaust ærleg om korleis han har det. Om hendingar som «dreiv meg til fortviling; til tider var eg nær på å gjere ende på meg sjølv – berre kunsten heldt meg attende». Kva slags musikk Beethoven ville komponert om han hadde fått leve livet ut med normal høyrsel, er eit umogleg, men tankevekkjande spørsmål. Sikkert er berre at det ville vore ein annan musikk.

«Eg er dømd til å bli misforstått. […] Ordlaus, utanfor samtalen… Aleine, berre ein deltakar i samfunnet når det er absolutt naudsynt, er eg tvinga til å leve i eksil.» Eit indre eksil, så å seie, som fekk Beethoven til å søkje innover i seg sjølv, kompromisslaust leitande etter sitt eige uttrykk, stilt fri frå konvensjonar og forventningar. Sjukdomen: halvt tvang, men òg halvt gåve.

Tor Espen Aspaas. Foto: Eirin Sørum

Eit av verka Beethoven byrjar komponere i kriseåret 1802, er ein stor klaversonate i f-moll, opus 57, med tilnamnet Appassionata – «den lidenskapelege». Arbeidet med verket går over nesten fire år og blir på sitt vis eit kart over dei mest dramatiske leveåra til Beethoven. Samstundes med at Appassionata ligg klar hausten 1806, har han ein forrykande krangel med ein av dei fremste mesenane sine, prins Carl von Lichnowski. Beethoven skriv eit rasande brev: «Prins! Det De er, kjem av arv og omstende. Eg er det eg er berre i kraft av meg sjølv. Det har eksistert og vil eksistere tusenvis av prinsar, men av Beethoven er det berre éin!»

Det er ikkje utan grunn at så mange komponistbiografiar blir kalla tragiske. Men det er langt meir forunderleg kva geni som Beethoven og Schubert faktisk makta å skape, trass i sjukdom og anna elende. Brevet til Lichnowski syner oss ein Beethoven som har forsona seg med det han ikkje kan gjere noko med, og som i staden medvite vel å kvesse geniet sitt mot friksjonen frå slipesteinen lagnaden har kasta etter han.

Kva slags musikk Beethoven ville komponert om han fekk leve livet ut med normal høyrsel, er eit umogleg, men tankevekkjande spørsmål.

Tor Espen Aspaas -
Maleri av Beethoven med noteark

Ein av dei merkverdigaste historiske reaksjonane på Beethovens Appassionata kjem frå Vladimir Iljitsj Uljanov, betre kjend som Lenin. Maxim Gorkij siterte han slik i 1924: «Eg veit ikkje om noko vakrare enn Appassionata (…) For ein forbløffande, overmenneskeleg musikk! Det gjer meg stolt – kan hende er det naivt av meg! – kvar gong eg tenkjer over at eit menneske kan skape slike mirakel!» Så kjem atterhaldet: «…men eg kan ikkje høyre han for ofte, han gjer meg svak og blauthjarta.» Stakkars Lenin! For mykje Beethoven, og ein maktar kan hende ikkje gjennomføre revolusjonen med naudsynt brutalitet: «Ein kan ikkje klappe folk på dei små hovuda deira no om dagen, då bit dei handa av deg. Difor må ein slå dei over dei små hovuda, slå nådelaust (…)» Lenin hadde rett i éin ting: Det er ikkje ei enkel sak å verje seg mot sterk musikk, og umogleg å halde Beethoven på trygg avstand. Om ein fyrst tek imot han, kan livet bli fillerista.

På eit seminar som tematiserte «fridomens grenser» i 2010, avslutta eg innslaget mitt med heile Appassionata. Seinare på kvelden sat eg saman med ein norsk forfattar, debattant og aktivist. Ho fortalde meg om alle terapeutane og psykologane som hadde slite seg ut med fåfengde forsøk på å få ho til å opne seg for kjensler og sterke emosjonelle reaksjonar etter traume. Ho, som har gjennomlevd meir enn dei fleste av det verste verda og menneska kan stille med, og likevel: aldri ei tåre? Men no hadde ein 240 år gamal tysk komponist som ho korkje hadde høyrt eller høyrt om, uventa klart det. Ho gret. Gret over Appassionata denne oktoberdagen.

IV

«Det vi finn ord for, er allereie noko daudt i hjarta våre. Det ligg alltid ei slags forakt i det å seie noko», meinte Nietzsche. Beethoven mistrudde òg orda og hyste stor skepsis til verbalspråket som mellommenneskeleg kommunikasjonsform. Så, kva er det eg sjølv har prøvd å seie noko om i denne teksten? Kan hende at det ein ikkje kan snakke om, lyt ein synge. Det er ikkje verbalspråket som utgjer verda til bror min; dei døvblindfødde eg møtte i Tomaskyrkja, treng heller ikkje ord – dei sansar verda, og dei sansar musikk på harde livet. Den døve meisteren i Wien la sjølv panne og tinning mot lokket på flygelet for å stengje orda ute og fange opp dei dyrebare vibrasjonane frå treverket.

Difor seier det seg sjølv at feiringa av Beethoven-jubileet må opne i Tomaskyrkja ved Signo i januar neste år, med Appassionata spelt der og då (på eit flygel fullt av fingermerke), omsett til lydbølgjer og vibrasjonar frå gøymde forsterkarar.

Lenin hadde rett i éin ting: Det er ikkje ei enkel sak å verje seg mot sterk musikk, og umogleg å halde Beethoven på trygg avstand. Om ein fyrst tek imot han, kan livet bli fillerista.

Tor Espen Aspaas -

V

Kjenn etter no. Kjenn korleis alt dirrar og sitrar rundt deg. Kva det vil seie deg, kan berre du sanse.