Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Gode søkartal, nok ein gong

NMH fortsett trenden med svært gode søkartal, og antalet internasjonale søkarar er høgare enn nokon gong.

– Det er tryggande å sjå at verken pandemien eller digitale opptaksprøver skremmer unge menneske frå å søke høgare musikkutdanning, og å ville jobbe med musikk, seier rektor Astrid Kvalbein.

– Uansett håpar eg at dei som kjem inn i år kjem offensive og sterke ut i eit, på alle vis, meir opent og vitalt musikkarbeidsliv enn i dag. Det ønsker eg forresten for dei som går ut frå NMH i vår også!

Høgare enn på fem år

I alt har skulen fått inn 1635 søknadar til årets opptak, fordelt på 1185 ulike personar. 721 av desse har søkt bachelor, medan 464 har søkt master.

– Når ein ser på dei totale søknadane er talet for 2022 høgare enn dei fem føregåande åra. Auken er særleg på masternivå. Bachelorsøkartala er faktisk lågare enn dei fem føregåande åra, med unntak av opptaket i 2020, seier Ragnhild Torvanger Solberg i Studie- og FoU-seksjonen ved NMH.

Ho understreker at desse tala inkluderer søkarar som har sendt inn fleire søknadar til ulike program. Ser ein på primærsøkartala, som viser antal unike søkarar, er opptakstala for i år marginalt lågare enn for i fjor. Her er det igjen bachelortala som er utslagsgjevande.

– Det kan vere eit resultat av koronapandemien, der kulturlivet har blitt særleg hardt råka. Men vi har endå ikkje klare tal på dette som indikerer ein tydeleg tendens, så det kan også vere ei tilfeldig svinging, forklarer Solberg.

Studia som blir utlyst ved Musikkhøgskolen denne gangen er nokså like som i fjor, med unntak av diplomstudiet i utøving som er blitt utlyst i år etter eitt års pause.

Astrid Kvalbein synest det er positivt å sjå at det framleis er mange som ønsker, og tør, å satse på kunst og kultur.

– I løpet av den siste tida har eg ofte vore bekymra for kor sårbar kunst- og musikkbransjen har vist seg å vere, ikkje minst for frilansarar. Det er eg for så vidt framleis, men eg er glad for at det ikkje ser ut til å gå direkte ut over søkinga til NMH, seier Kvalbein.

Mange internasjonale søkarar

Det som er særlig interessant med årets opptak er dei internasjonale søkartala. Dersom ein ser på perioden 2018-2022, så har årets opptak klart flest internasjonale søkarar, både på bachelor- og masternivå.

30 % av bachelorsøkarane er internasjonale, og 63 % av mastersøkarane er internasjonale.

– På masternivå er dette ein nokså lik tendens som føregåande år, men trenden er noko oppsiktsvekkande med tanke på bachelorsøkarane. Det er færre norske søkarar til bachelorstudiane i år samanlikna med tidlegare, samstundes som at fleire internasjonale vil søke seg til dei same utdanningane, seier Solberg.

Ho trur ein av grunnane til dette kan vere at NMH har kome veldig godt ut på QS Ranking in Performing Arts i 2021. Skulen har hatt ei jamn stigning på rangeringslista dei siste åra, før han plutseleg byksa 21 plassar opp, frå 29. til 8. plass.

Rektor Kvalbein er einig i dette.

– At søkinga frå utlandet er god er gledeleg, og heller ikkje så uventa når ein ser på kva det førre rektoratet fekk til av internasjonal omdømmebygging. På eit meir prosaisk plan speler det nok også inn at kandidatane ikkje treng å møte opp fysisk, i alle fall ikkje i første runde, seier ho.

– Det kan også tenkast at fleire vil studere i eit anna land grunna avgrensa reisemoglegheiter dei siste åra, men det er spekulasjonar, seier Solberg.

Trekkplaster

Camilla Sønstabø Thorkildsen er seksjonssjef i Studie- og FoU-seksjonen. Ho ser dei gode søkartala som ei stadfesting av at skulen er ein attraktiv utdanningsinstitusjon, med ein relevant studieportefølje og svært dyktige lærarar som tiltrekker seg gode søkarar.

– Nåløyet ein skal gjennom for å få studieplass er trongt, men det skremmer ikkje vekk søkarane. Vi kan òg vere ganske sikre på at det gode studiemiljøet og dei dyktige studentane som allereie går her er eit trekkplaster for stadig nye søkarar, seier ho.

Ho meiner det er eit privilegium å få by på eit internasjonalt læringsmiljø som ein del av førebuingane til livet etter studia.

– Musikklivet er internasjonalt. Me får mange internasjonale søkarar og tar opp ein god del som studentar både på lågare og høgare grad. Dette bidrar til at dei fleste av studentane ved NMH får ein internasjonal studiekvardag, som også er med på å forme dei som musikarar, pedagogar og komponistar, seier ho.

– For NMH som utdanningsinstitusjon betyr det mykje at søkartala er gode, men det høge nivået på søkarane og dei som får tilbod om studieplass, er sjølvsagt det aller viktigaste. Det legg føringar for den undervisninga som blir tilbydd, og for nivået på kandidatane som etter endt utdanning skal ut og forme musikklivet i framtida, seier Thorkildsen.