Å få plass på ein institusjon for høgare musikkutdanning er ikkje småtteri. Og for dei som lukkast ligg det eit vanvitig tal timar med hardt arbeid bak. Svært mange av desse timane vert brukt heilt åleine på eit øverom, med terping og øving på krevjande repertoar og øvingar.
Ein musikkstudent kan bruke opp til 7800 timar åleine på øverommet i løpet av fem år på eit konservatorium. Korleis veit dei at dei brukar tida si riktig, og ikkje minst halde nervane i sjakk? Forskar Johannes Lunde Hatfield har leita etter svar i idrettspsykologien.
Hatfield har sjølv bakgrunn som cellist, og i tillegg til det har han studert idrettsvitskap ved Norges idrettshøgskole. Det var der han oppdaga verktya han no har tatt med seg til Musikkhøgskolen.
– Då eg kom over idrettspsykologi slo det meg at dette er ein brikke som lyt vere på plass i høgare musikkutdanning, fortel han på det vesle kontoret på Musikkhøgskolen. Den ideen leia han etter kvart mot stipendiatprosjektet Determinants of motivation and self-regulation in aspiring musicians, som blei fullført februar 2017. Grunntanken var å late musikkstudentar prøve ut ulike strategiar idrettsutøvarar brukar til å førebu seg mentalt.
Få studentar med klare mål
Stipendiatprosjektet blei delt i tre delar. Først gjennomførte Hatfield ei kartlegging om korleis studentar ved musikkhøgskulen øvar.
– Eg undersøkte ulike variablar, som i kor stor grad studentane set seg mål for øvinga, kva slags tru dei har på at dei vil gjennomføre desse, og kor vidt tida borte frå sjølve instrumentet, altså planlegging av øvinga, påverkar dette, fortel Hatfield.
– Der fann eg at det var ganske få studentar som sette seg klare mål kvar veke eller kvar dag. Vidare fann eg at studentar som var meir medvitne rundt kva som skulle skje på førehand, også hadde eit større repertoar av ulike øvingsstrategiar og var meir sjølvmedvitne om korleis dei skulle øve. Når desse hadde vore gjennom ein øvingsprosess, kunne dei enklare gå tilbake og evaluere kva som fungerte eller ikkje, forklarar han.
Hatfield blei noko overraska over funna han gjorde, og hadde kanskje trudd at denne prosessen var meir organisert for studentane. Konklusjonen blei at der var eit behov for større bevisstgjering.