Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Folkemusikk med rave og strobelys

Alle de fire Ljøsblått-lederne spiller på Betong på Ljøsblått 2021.
Alle fire Ljøsblått-direktørane på scena saman. Frå andre til venstre: Mattias Thedens, Trygve Liahagen, Amalie Kinsarvik Tvilde og Tiril Eirunn Einarsdotter.

Du går inn på ein utestad i Oslo ein laurdagskveld. Der finn du dansegolvet stappfullt av unge menneske som klubbar til slåttespel og springar. Høyrast det usannsynleg ut? På folkemusikkfestivalen Ljøsblått kan alt skje.

Både studentar og tilsette er einige om at folkemusikkfestivalen Ljøsblått har eksistert ei god stund. Vi spør professor og folkesongar Unni Løvlid om ho veit når han starta. Ho send oss vidare til folkemusikkguru Steinar Ofsdal. 2015 dukkar opp som ei moglegheit, men det verkar som ingen er heilt sikker. Slik er det kanskje med ting som blir til litt etter litt?

Ljøsblått er ein idé som blei til ein førjulskonsert som blei til ein festival – eit frø som vaks seg større og større år etter år, og i 2021 sette festivalen ny rekord i både aktivitet og besøk.

Øya-kjensle

Det er ingen tvil om at festivaldirektørane er stolte av kva dei fekk til. Studentane Amalie Kinsarvik Tvilde, Tiril Eirunn Einarsdotter, Trygve Liahagen og Mattias Thedens beskriv prosessen som like moro som slitsam. Det er direktørane som kuraterer, men dei peiker på at programmet ofte blir forma av kva som rører seg i miljøet. Samtidig er det viktig med rekrutteringsarbeid, fortel felespelar Einarsdotter.

– Til dømes med dansekursa, der vi prøver vi å få folk utanfrå inn i folkemusikkverda.

Toradarspelar Tvilde legg til at dei ville setje ein ny standard denne gongen, med logo, merch og fem meter langt banner.

– Med skikkeleg festivalkjensle frå torsdag til søndag. Du var verkeleg på Ljøsblått, du berre hang der liksom, sånn som på Øya-festivalen.

I 2021 hadde ein heil bråte studentar sloppe ny musikk i tida rundt festivalen – dermed blei det plateslepp nesten kvar dag. Ein av debutantane, folkesongar Synnøve Brøndbo Plassen, blei i februar nominert til Spellemann.

Silhuetter av folkemusikere på Betong på Ljøsblått 2021.

Ljøsblått 2022

8.–20. november går årets festival av stabelen. Du finn heile programmet her.

Scene for bråk

Før har konsertane vore på Musikkhøgskolen eller Riksscenen. Begge stadane tiltrekkjer ofte publikum som allereie kjenner husa godt eller sjølv er folkemusikarar. Men Ljøsblått ville kapre studentpublikumet. Å flytte festivalen til Betong i kjellaren på Chateau Neuf, kan verke som ein genistrek.

Felespelar Thedens ønska seg full fest, både som arrangør og som musikar i Gangarstubbgutta, som spelte klubbkonsert laurdag kveld.

– Betong har ei scene laga for klubb, bråk, høg musikk, røykmaskinar, strobelys, bar. Kva meir treng du?

Tvilde fortel at dei var litt bekymra for oppmøtet, men lokalet blei raskt stappfullt. Siste kveld talde dei 200 i publikum.

– Eg blei heilt rørt den kvelden. Vi gjekk berre rundt og så på kvarandre og sa «vi har gjort alt dette!». Det kjentest verkeleg som barnet vårt.

– Betong har ei scene laga for klubb, bråk, høg musikk, røykmaskinar, strobelys, bar. Kva meir treng du?

Mattias Thedens Ljøsblått-direktør 2021

Ho beskriv det som vekas store høgdepunkt.

– Det tok aldri slutt, det kom berre fleire og fleire, dei klikka heilt på dansegolvet, og det var så mange der eg aldri hadde sett før.

– Eg trur ikkje det var nokon der som ikkje kosa seg, smiler Thedens.

Studentane roser dei tilsette på Chateau Neuf for deira engasjement og vilje til å samarbeide.

– Dei var nesten like gira som oss, seier Tvilde, og legg til at staben oppfordra dei til å sende samarbeidet vidare til neste generasjon direktørar.

Kenneth Lien spiller munnharpe på Betong på Ljøsblått 2021.
Kenneth Lien speler munnharpe på klubbkonsert med the Centre of the Universe.

Ikkje krevande

For Thedens var det beste å spele sjølv. Å sjå at det heile flaut av seg sjølv, og berre kunne gje seg hen til å spele, mens han tok ein pause frå arrangørrolla.

Er det ikkje krevande å gå inn og ut av ei rolle på den måten?

– Pils hjelper, seier han med glimt i auget. – Neida, det var ikkje krevande i det heile tatt. Det var berre å kose seg.

Einarsdotter og Tvilde er einige. Til slutt tillét dei seg også å vere gjestar, danse og nyte musikken.

– Tidenes fest!

I år blir dei fire arrangørane sannsynlegvis å sjå blant publikum. Dei håpar at grunnlaget frå 2021 kan vere med på å gjere Ljøsblått til noko både publikum og musikarar kjenner igjen år etter år. Som lyttarar håpar dei på eit like variert program som sist, med alt frå strykekvintett til rockeband og DJ.

Mattias Thedens spiller med Gangarstubbgutta på Betong på Ljøsblått 2021.
God stemning med Mattias Thedens og bandet Gangarstubbgutta.

Dei trur det lett for utanforstående å tenkje at folkemusikk er gammalt og kjedeleg, så det kan gagne mange å lure han inn i ulike settingar. Studentane trekkjer fram Kenneth Lien and the Centre of the Universe – eit band som tar avanserte folkemusikkelement inn i beatane sine, som til dømes asymmetrisk tretakt. Musikken blir til på folkemusikken sine premissar, ikkje på premissane til det moderne. På Ljøsblått fekk desse to motsetningane eksistere naturleg side om side.

– Halvparten av folka dansa springar og gangar, mens den andre halvdelen stod og flaksa med armane og var heilt med, mimrar Thedens.

Kvifor burde folk få med seg Ljøsblått 2022?

– Du kjem til å bli overraska over kor bredt spenn det er i folkemusikken, svarer Einarsdotter. Thedens konkluderer:

– Folkemusikk kan vere tidenes fest!