Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Meir enn eit medium

Ellen Ugelvik tukler inni et flygel

– Rolla mi blir til gjennom musikken eg til ei kvar tid arbeidar med, og kvart verk bringar med seg sine eigne, unike utfordringar, meinar pianist Ellen Ugelvik. I 2017 leverte ho sitt stipendiatprosjekt om solisten i pianokonsertar.

Nokre månadar før dette intervjuet blei gjennomført fekk eg høve til å oppleve Ellen Ugelvik i samspel med Oslo-Filharmonien og komponist Trond Reinholdtsen under Ultimafestivalen 2016. Det vil seie, pianospelinga blei hovudsakleg utført av eit robotstyrt piano som gjennomførte krumspring ingen menneske vil vere i stand til å klare.

I mellomtida såg vi direkteoverføring frå bakrommet der både Ugelvik og Reinholdtsen fungerte mest som skodespelarar. Dei uttrykte ein heil del tvil og frustrasjon – med ein del humor og sjølvironi – knyta til både solistens rolle og samtidsmusikken generelt. Når Ugelvik omsider hadde spelt litt for oss, krabba ho ned under flygelet og simulerte at ho skar av seg fingrane framfør kamera.

Dette var altså konserten som runda av hennar stipendiatprosjekt, ved Norges musikkhøgskule. Kva i all verda var det ho prøvde å formidle?

Hylla av komponistane

Ein mandag i januar 2017 får eg besøke kontoret hennar på Musikkhøgskolen. Eg prøver å finne ut korleis ho endte opp med den type konsertar ho no gjennomfører, der ho er både skodespelar, performance-artist og pianist om kvarandre. Ugelvik har spelt musikk sidan ho var fem år, men fann ikkje alt ho søkte etter i den klassiske musikken. Løysinga kom i ungdomsåra.

–Då eg var 15 år fekk eg ein lærar som introduserte meg for nytt repertoar og oppfordra meg til å utforske det enorme klangpotensialet som finnast inni flygelet. Det var eit utruleg kick å halde på slik, og denne musikken snakka til meg på ein helt annen måte enn den klassiske musikken, fortel ho.

– Når eg seinare kom så langt på konservatoriet at eg kunne spesialisere meg, måtte det bli samtidsmusikk. Då følte eg meg mykje meir levende som utøver og det var utruleg spennande å utforske samtidsmusikkens mangefasetterte sjangrar.

Sidan utvikla det seg til at nykomponert musikk blei Ugelviks spesialitet, og ho har jobba meir og meir tett på komponistane når ho har tatt tak i stadig nye verk. Innsatsen ho har gjort for ny musikk er tydeleg populært blant norske komponistar, noko som seinast kom til syne i desember 2016 då Norsk komponistforening utnemnde henne til Årets utøver.

Vil flytte grensene

Utgangspunktet for stipendiatprosjektet var å utvikle metodar for sjølv å bli ein meir kompetent solist, i eit musikalsk landskap der rolla ein spelar kan variere i stor grad frå

konsert til konsert. Gjennom utarbeid og urframføring av fem ulike konsertar for klaver og orkester har ho forska på arbeidsmetodar og pianosolistens rolle i samtidsmusikken.

– Gjennom prosessane med å initiere, innstudere og framføre desse konsertane har eg funne at auka bevisstheit rundt solistrolla sitt potensiale og handlingsrom er fruktbart for å oppnå eit så godt klingande resultat som mogleg, fortel Ugelvik.

Med prosjektet sitt ynskjer ho å flytte på grensene innanfor hierarkiet som rår mellom komponist, dirigent, solist, orkester og produksjonsapparat i dag.

– Rolla mi blir til gjennom musikken eg til ei kvar tid arbeidar med, og kvart verk bringar med seg sine eigne, unike utfordringar. I byrjinga av prosjektet var eg oppteken av korleis eg kunne styrke min eigen kompetanse i møte med nye verk. Men etter kvert byrja eg i større grad å arbeide med klaverkonsertane som kollektive prosessar, der eg sjølv tok ei meir progressiv solistrolle som medskapar i verka, heller enn eit slags medium musikken skal passere gjennom, forklarar ho.

– I vår verden er arbeidsrammene ofte like for heilt nye verk og kanoniserte klaverkonsertar. Det gir den nye musikken dårlige kår. Gjennom å arbeide med ulike samtidsverk vart eg utfordra til å ta nye utøvarroller enn eg hadde lært gjennom mi klassiske utdanning. Det rommet synest eg er spennande å utforske!

Ellen Ugelvik Pianist og tidligere NMH-stipendiat

Karikert avsluttingskonsert

Ugelvik er også oppteken av at samtidsmusikken ho spelar er ei naturleg forlenging av den klassiske musikktradisjonen, og ikkje ein åtskild sjanger. Måten samtidsmusikken vert behandla av sentrale konsert- og utdanningsinstitusjonar i dag kan ha uheldige konsekvensar, meinar ho.

– At ein i stor grad vert utdanna til å reprodusere gammal musikk får konsekvensar både for kvar einskild i arbeidslivet og også for feltet som heilskap, og studentane kan bli redde for å uttrykkje noko eige, meinar Ugelvik.

Konserten som avrunda stipendiatprosjektet var som ein karikatur av nettopp denne problemstillinga.

– Tematikken blir på ein måte undergangen for den klassiske pianosolisten. Til slutt i noten står det «cut up fingers and end career as pianist», forklarar ho og ler. Store delar av pianomusikken i denne konserten vart framført av ein slags robot som gjennomfører ting ingen menneske vil meistre.

Spennande utfordringar

Sjølv har ho ei meir positiv haldning til framtida etter å ha gjennomført stipendiatprosjektet, men understreker at samtidsmusikken treng betre kår.

– I vår verden er arbeidsrammene ofte like for heilt nye verk og kanoniserte klaverkonsertar. Det gir den nye musikken dårlige kår. Gjennom å arbeide med ulike samtidsverk vart eg utfordra til å ta nye utøvarroller enn eg hadde lært gjennom mi klassiske utdanning. Det rommet synest eg er spennande å utforske!

Artikler relevante