Unni plukkar opp det Eyolf sa om mjukheita i Malin sitt uttrykk. Ho seier at når ein melodi blir framført reint vokalt, har uttrykket ein tendens til å bli veldig sart og «vakkert», medan ei fele kanskje ville tilført meir høg intensitet. Ho peiker på at teksten i visa eigentleg er veldig lidenskapeleg, og ber dei prøve ein versjon som er meir høgintensiv, der Malin skal forsøke å ta ut meir dynamikk, og ta meir plass.
Dei speler ein ny og annleis versjon. Det kjem fleire element frå Eyolf og Bjarne som bidreg til å løyse opp tonaliteten i den musikalske ramma rundt visemelodien. Unni spør Malin korleis ho opplevde det.
Malin: Meir spennande, det var som om det var rom for at fleire ting kunne skje. I stad var det meir sånn som det alltid er.
Bjarne: Fordi du starta å synge ½ tone lågare enn første gong, oppdaga eg at eg ikkje kunne spele dei tinga eg hadde planlagt, og dermed måtte eg jobbe meir med idéane mine. Det var bra.
Guro kommenterer at når éin musikar bryt ut med ein tonalitet som først verkar veldig dissonerande opplevast det gjerne som eit sterkt verkemiddel i starten, men samstundes skapar det eit rom for andre til å ”kome etter” med det same. Då blir kanskje den eine, dissonante tonen normalisert. Det same kan skje dersom nokon startar på ein groove som opplevast ”på tvers” av ein etablert rytme. Det er viktig å av og til ta rolla som den som innfører eit element som bryt med det som er.
Eyolf opplever at denne versjonen skapte meir ”drama”, fordi det kom fleire slike kontrasterande idéar:
– Det er jo også viktig å hugse på at ikkje alle historiar går «bra» til slutt, den type «drama» har også ein plass.