Andrej Stojanovic
- Pianomusikk frå filmen «Dødsleiren i Karasjok»
- Variasjonar over musikk av Frédéric Chopin
- Mother, father, I love you so much
- Norsk sonate
- Storm-sonate
- 3 Pianos
- Sonatina nr. 1
Omtale
Andrej er ein ni år gammal klassisk komponist, og skal framføre nokre av sine eigne pianokomposisjonar. To spesielle gjestar, pianistane Jovana Jovanovic og Toki Onoda, vil også bidra på konserten. Andrej byrja å spele piano da han var fem år gammal, og skreiv sine første notar året etter, da han berre var seks år. Så langt har han skrive over 50 komposisjonar, der mange allereie har blitt framført av eit profesjonelt orkester på konsertar i Roma, New York og Berlin. Dei mest kjende komposisjonane er Symfoni nr. 1, Sonate nr. 1 og Mozart-variasjonar, men også musikken til den norsk-serbiske filmen «Dødsleir i Karasjok», som hadde premiere på filmfestivalen i år.