Lindemansalen er Musikkhøgskolens hovudscene. Ho har fått sitt namn frå familien som stifta orgelskulen som seinare skulle bli Musikkhøgskolen. Salen har 365 sitjeplassar i amfioppsett og scenegolv med plass til fullt symfoniorkester og kor. Salen rommar også høgskolens største orgel.
Spesiallaga resonanskammer
Dei fleste konsertar med store ensemble blir heldt i Lindemansalen. Salen er konstruert med akustisk musikk i tankane – det er høgt under taket og langt mellom veggane slik at ljoden får god plass til å leve. Mindre synleg, men desto meir høyrleg, er det at salen har spesiallaga resonanskammer som skjuler seg under scenegolvet. Desse er tilpassa kvar si instrumentgruppe og er nøyaktig plassert for å gje orkesteret optimal akustisk forsterking. Når taklukene er opne og veggteppa heng oppe, eignar Lindemansalen seg også godt til forsterka musikk.