Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Beatrice Juskaite

Songar Beatrice Juskaite speler eksamenskonsert med eigen musikk.

Benjamin Rø Haavelsrud

Beatrice Juskaite lagar melankolsk indie-pop med røter i neo-soul og singer-songwriter-tradisjonen. Med djupe gitar-landskap, varm og nær vokal og ærlege tekstar, skapar ho ei verd som kjennest både naken og omfamnande. Låtane hennar ber preg av ei nødvendigheit – eit uttrykk som ikkje berre vil bli høyrd, men kjent på. Tematisk kretsar låtane rundt kjærleik, sårbarheit, håpløyse, sinne og det å vere eit sensitivt menneske i ei altfor travel verd.

Ho ynskjer å skape eit rom der det vonde og det usagde kan få puste, og lyttaren kan få drøyme seg bort i eigne kjensler utan skam. Juskaite håpar musikken kan skape ei stund som kjennest som å bli halden – mjukt, ærleg, rått og utan krav.

Medvirkende

  • Beatrice Juskaite (vokal, gitar)
  • Benjamin Rø Haavelsrud (gitar, kor)
  • Aksel Rønning (saksofon, live-elektronikk, kor)
  • Martin Blom (fløyte, live-elektronikk, kor)
  • Jonatan Duarte Brox (bass)
  • Petter Blom (trommer, kor)

Fleire konsertar

Publisert: 16. apr. 2026 — Oppdatert: 30. apr. 2026