Fødd og oppvaksen på Bornholm i Danmark, blei Bjarke Mogensen allereie i ung alder kjend som ein internasjonalt anerkjend akkordeonvirtuos med ein brei musikalsk palett. Som 13-åring debuterte han med München symfoniorkester foran millionar av TV-sjåarar. Sidan da har hans musikalske nyfikne ført han ut på ei unik musikalsk reise og han har blitt ein ettertrakta solist i den klassiske musikkverda. Han har spelt saman med fiolinisten Gidon Kremer, fiolinisten Tatjana Masurenko, cellisten Andreas Brantelid og mange andre store musikarar. Som solist har han opptredd internasjonalt med ei rekkje orkester.
Bjarke har mottatt fleire prisar og utmerkingar, mellom anna DR P2s Kammermusikkpris, The Almere International Chamber Music Competition og The Arts Desk «Årets utgivelse» (2013). Han vann 1. pris i EBUs Unge talenter-konkurransar i Bratislava, og har mottatt den danske musikkritikarprisen. Felles for prisane er at han er den første akkordeonisten som har vunne nokon av dei!
På konserten får vi høyre eit program som tar utgangspunkt i den franske komponisten og pedagogen Nadia Boulanger (1887–1979). Frå 1946 til sin død underviste ho på Conservatorie National i Paris, der ho blei ein av 1900-talets mest etterspurde komposisjonslærarane. Vi får høyre musikk av ho og nokre av studentane hennar: danske Per Nørgård og argentinske Astor Piazzolla. I tillegg blir det verk av Poul Ruders, Igor Shamo og Sergej Rakhmaninov. Ei sjeldan anledning til å høyre ein stor musikar på eit sjeldan instrument i eit intimt format!