Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Dansespel med Isa Holmgren

Isa Holmgren synger på scenen, med blåaktige farger.

Dansespel med folkesongar og folkedansar Isa Holmgren.

Peter Bothén

Isa er songar og dansar, og jobbar innan svensk og norsk tradisjonsmusikk, samt improvisert musikk. Med bakgrunn i folkedansmiljøet baserer hennar solostoff seg på dei asymmetriske rytmane og melodiane ein finn i grenseområda mellom Sverige og Noreg. Musikken set stemma i fokus og kviler på transkripsjonane av instrumantalmusikken, og utforskinga av ulike vokaltradisjonar.

Hennar fyrste soloplate, EP'en «Efter Eda», publisert i 2019 av Ransäterstämman (SE) møtte fleire gode mottakingar. I tillegg er ho ein del av fleire ensemble, som til dømes Staerna og The Aerialists. Ho har ein bachelor frå Högskolan för scen och musik i Gøteborg og fullførte ein master i norsk folkemusikk på Norges musikkhøgskule så ferskt som i fjor.

Publisert: 29. okt. 2022 — Oppdatert: 8. nov. 2022