Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Different Entries (part 2)

Maren Ohm Ballestad sitter med fiolinen og ler foran grønn busk.

Fiolinist Maren Ohm Ballestad speler den andre masterkonserten sin, med musikk av Marsalis og Röntgen-Maier.

Program

  • Wynton Marsalis (1961–): Fiddle Dance Suite
  • Amanda Röntgen-Maier (1853–1894): Fiolinsonate i h-moll

Omtale

Maren Ohm Ballestad skriv: Different Entries (part 2) er andre konsert i mitt masterprosjekt som i all hovudsak handlar om musikkens og musikaranes relevans og nødvendigheit i samfunnet vårt. Det handlar om korleis eg kan vere ein lyttande musikar, ein som kan formidle både mine eigne og publikum sine kjensler. Samfunnet i dag ber preg av mykje overflatisk kommunikasjon. Gjennom musikk kan alle bli inkluderte, alle kan føle seg lytta til og forstått, og derfor er det viktig som musikar å spegle og treffe menneska som høyrer meg spele, uavhengig av kven dei er. På denne konserten har eg valt repertoar som vil vere ukjent for dei fleste. Dette håper eg vil bidra til ei spesiell merksemd og nyfikne frå publikum.

Fleire konsertar

Publisert: 23. jun. 2023 — Oppdatert: 18. sep. 2023