Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Avlyst: Kulturnatt: Eclectic Night Orchestra

Helge Sundes postpandemiske lykkehjul presenterer eklektisk nattorkester.

Omtale

«Hvorfor er du to personer?» Misha Alperin sine mørke auge stirrar forventningsfullt og lett anklagande på meg.

Eg svarar så godt eg kan, at eg skjønar godt kva han meiner: I studietida mi ved Norges musikkhøgskole oppdaga eg fort at dei andre komposisjonstudentane i flokk fnyste av den tonale jazzmusikken som eg dreiv med, men ein for ein innrømde dei rett som det var at dette var tøffe greier.

Slik enda eg opp som skuleflink samtidskomponist i ulveflokken på dagtid, og sneik meg ned takrenna på kveldstid og spelte jazz, fusion, rock og popmusikk, og trossa alle formaningar om å spisse kompetansen. På kveldens konsert er alle desse lause trådane og takrennene slengde opp i same hatten og orkestrerte for det perfekte pandemiorkesteret: sinfoniettaen.

Vi trillar postpandemisk lykkehjul i jakta på ungdomsverk, reviderte perler og poplåtar, motvillige forsøk på å bli minimalist, tolkingar av standardlåtar og folketonar, delar av havarerte og vellykka tingingsverk, og overskrivingar av gode gamle Johan Sebastian, den aller eldste.

Spinn lykkehjulet!

Publisert: 8. jun. 2022 — Oppdatert: 30. aug. 2022