Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

NMH på skrå: Ensemble GAEA

Sangerne i Ensemble GAEA står i blå klær og ser inn i kameraet, på grønt gress foran grønne busker.

GAEA er eit nyskapande vokalensemble beståande av 9 unge songarar etablert i det klassiske musikkfeltet. Ensemblet opptrer utan dirigent og har hovudfokus på klassisk polyfon samtidsmusikk.

Emil Vestre

Gjennom verket «love fail» utforskar komponist David Lang (1957–) kjærleikshistoria om Tristan og Isolde – korleis kjærleiken deira byrjar ved eit uhell då dei drikk eit kjærleiksbrygg. Dei meinte aldri å forelske seg. Det verkar nesten som eit laboratorisk eksperiment om korleis kjærleik kan sjå ut, utan nokon av komplikasjonane kring korleis ekte kjærleik byrjar eller verkar. Utan spenning, forlegenheit, frustrasjon, skuld eller konkurranse. David Lang utforskar dette gjennom meir moderne tekstar som handlar om kjærleik, ære og respekt.

Frå kl. 20:00–23:00 fortset NMH på skrå kvelden med jam på Chateau Neuf.

Medverkande

Ensemble GAEA

Frida Fiona Fuglseth, Serine Kirkebø Landa, Barbro Mjelde Solberg, Sofie Jørgensen, Ida Sandberg Motzfeldt, Viktoria Dyrlie Løhre, Marte Helen Arnesen Einan, Telma Echoff Dagestad og Oda Linnea Oliversen

Tekst

Publisert: 13. sep. 2022 — Oppdatert: 2. nov. 2022