Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

NMH på skrå: Human//Bo̤g

Komposisjonsstudent Evelin Felix Lindberg og vener presenterer eit program med låter og verk av skeive artistar, komponistar og poetar.

Evelin Lindberg

– Ein stor del av konserten er dedikert som hyllest til skeive artistar og kunstnarar som har inspirert og vore ei livskjelde til meg som skeiv person. Will Wiesenfelds Human Bog er «tittelsporet» for konserten – ein låt som tar opp einsemda ein kan oppleve som skeiv i ei heterofil og cisnormativ verd. «Bög» svensk for «homse», ordet som brennmerka oss, nokon av oss heilt frå barnehagen, betyr ikkje noko dårleg, men likevel er det stadig eit skjellsord. La oss kle oss opp i alt det som dei hatar hos oss. La oss foreinast i einsemda i eit skeivt ritual. Intoleranse burde liggje i fortiden. La oss gravleggje vår (stadig pågåande) undertrykking i den menneskelege hengemyra og ta eit deileg bad med moselika, seier Evelin Lindberg om konserten.

Program

Evelin F. Lindberg/Karin Boye: Morgon – Ur 'Moln', 1922 (2016)

For stemme (solo), elektronikk og video

Josh Spear: Planet Dysphoria (2016)

For video, performance og lydspor

Covers

  • Baths: Human Bog
  • Baths: Incompatible
  • Adrianne Lenker: Anything
  • Katie Dey: Fear O the Light
  • Arca: Mequetrefe
  • Baths: The Stones

Evelin F. Lindberg: SKARVAR (2022)

For 6 stemmer

Evelin F. Lindberg: No Title (No Filter) I-IIB (2021-2022)

  • I Nude (Comping)
  • IIA Collage (Sampling)
  • IIB Adrianne Lenker: Not a Lot Just Forever (Cover)

For stemme, video og elektronikk

Medverkande

  • Inga Margrete Aas
  • Jon Svenungsson
  • Evelin Lindberg
  • Josh Spear
  • Elias Nurmi Schomers
  • Martin Steinum Brun
  • Jakob Nordli Leirvik
  • Mikael Aksnes-Pehrson

– Ein stor del av konserten er dedikert som hyllest til skeive artistar og kunstnarar som har inspirert og vore ei livskjelde til meg som skeiv person.

Evelin Lindberg Komponist
Portrett av Evelin Lindberg med manipulert bakgrunn.

Publisert: 13. sep. 2022 — Oppdatert: 3. nov. 2022