Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Festkonsert på skrå

Regnbuebroen fra 1. til 2. hus på NMH, sett utenfra på bakkeplan.

Le grand finale! NMH på skrå blir toppa med ein fargesprakande festkonsert.

Annie Lundgreen

Konserten inneheld eit mangfald av sjangrar, utøvarar, uttrykk og kjensler – sorg, glede, humor, skeivheit og kjærleik. Vi får høyre både studentar og lærarar i samspel, alt frå diktlesing og folkemusikk til orgel, Grand Prix og Elvis.

Omtale

I 2022 er det 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. Dette blir markert over heile landet under paraplyen Skeivt kulturår. Vi på Musikkhøgskolen markerer også skeivt kulturår, og veka har fått namnet NMH på skrå.

NMH på skrå set varme, toleranse, mangfald, medmenneskelegheit og fridom på dagsorden, og føregår på Musikkhøgskolen mellom 1. og 6. november. Veka byr på konsertar, panelsamtalar og sosiale arrangement. Konsertane vil representere eit spekter av sjangrar, komponistar og utøvarar, som på kvar sin måte og saman speglar vekas tematikk.

At vi kan vere akkurat den vi er, som musikar, kunstnar og menneske, angår alle uansett fil. Set av veka og bli med på kunstnarleg, verbalt og tenkjande skråplan og feiring av NMH på skrå.

Publisert: 13. sep. 2022 — Oppdatert: 3. nov. 2022