Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Fokus og avslapping #2

I lunsjkonsertserien Fokus og avslapping kan du lytte til roleg musikk som smører sjela, enten liggande på matter, sittande på stolar, eller mens du ruslar rundt.

Program

  • Martin Lohse (1971–): Passing, 2. sats
  • Improvisasjon basert på Ferdinand Schwarz' øvelse «Sounding Listening».

Omtale

Konsertsalen er ein av dei siste stadane der du for ein gong skyld berre kan absorbere musikken utan nokre hjelpemiddel, og verkeleg oppleve at han blir til rett framfor deg. Men for verkeleg å oppleve noko, må vi vere til stades og fokuserte når vi dykkar ned i det. Det er mykje som kan distrahere oss, men om vi klarer å finne fram til dette fokuset, vil avslapping komme av seg sjølv. Nærvære fører til ro.

I denne konsertserien skaper vi eit rom med mest mogleg fridom, slik at du sjølv kan bestemme korleis du vil ta inn musikken, og stengje ute alt som kan stele merksemda di i ein vanleg konsertsituasjon. Du kan velje å nyte musikken på den måten du ønsker – liggande på ei matte, sittande på ei pute eller i ein sofa, langs veggen, på ein stol eller mens du går rundt i rommet.Konserten varer berre ein halvtime, så han passar perfekt inn i lunsjpausen din.

Fleire konsertar

Publisert: 22. jun. 2023 — Oppdatert: 10. nov. 2023