Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Intermediate Spaces

NoCom-studentene Adrian Barstad Andresen og Alex Ventling står med en tredjeperson i mørket. De to ytterste ser på hverandre, forbi han i midten. Alle lukker øynene.

Geitehorn, improvisasjon, synthesizers, Island og skog. NoCom-studentane speler som alltid ein konsert med heilt unikt innhald.

Alex Ventling

NoCom (Nordic Master – The Composing Musician) er eit masterprogram der studentane studerer både komposisjon og utøving, uavhengig av sjanger. I løpet av fire semester flyttar dei seg mellom tre samarbeidande institusjonar: Norges musikkhøgskole, Högskolan För Scen Och Musik (Göteborg, Sverige) og Rytmisk Musikkonservatorium (København, Danmark). Denne kvelden inviterer vi til semesterets finale: ein tredelt konsert der NoCom-studentane som no oppheld seg i Oslo på Musikkhøgskolen.

Program

Connecting Immersion

«Connecting Immersion» er eit prosjekt der utøvar kommuniserer på tvers av tre ulike kunstformar: improvisert og elektronisk musikk, dans og det visuelle. Dei fire utøvarane søkjer heile tida etter nye måtar å interagere med kvarandre og med publikum, via kollektiv improvisasjon inspirert av kvart einaste augeblikk. Kva kan potensielt skje når ein kombinerer geitehorn med elektronikk og bilete som blandar seg med lyden av en synthesizer, eller når dans reagerer på lyden av stille? Opplevinga er alltid unik for både publikum og utøvarane, og makta ligg nettopp i det å ikkje kunne gjenta det same på ny.

  • Adrian Barstad Andresen (trompet, flygelhorn, geitehorn og elektronikk)
  • Alex Ventling (preparert piano og synthesizers)
  • Enya Maria Oshaug Weibell (dans)
  • Visuals (TBA)

Matthías Sigurðsson

Matthías hentar frå røtene sine som klassisk klarinettist, improvisatør og elektronisk musikar frå det nærmast grenselause islandske landskapet. Han inviterer til sitt lyse, pulserande multivers, der den glitrande vinden skyl over deg som eit varmt bad, med tvangsaktige repetisjonar som tar deg i handa og leiar deg gjennom ein melankoli og ein nostalgi overfor ei tid vi aldri har opplevd. Matthías og partnarane hans smeltar stemmene og tradisjonane sine ihop og opnar opp ein heilag felles stad der vi kan søkje trøyst gjennom å fordjupe oss i lyd saman.

Darkthrone Forest Oslo Edition

Skogen som ein trygg eller farleg stad og alt imellom. Viktigheita av skogen både for oss som individ og for heile verda. Korleis læt dette? Kom og høyr sjølv når vi går inn i Darkthrone Forest. Vi ønsker deg velkommen på eiget ansvar.

  • Johan Björklund (trommer og elektronikk)
  • Matthías Ingiberg Sigurðsson (klarinett og elektronikk)
  • Adrian Barstad Andresen (trompet og geitehorn)
  • Paul Schreiter (gitar)

Publisert: 21. okt. 2021 — Oppdatert: 22. okt. 2021