Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Kammermusikkveka: Opningskonsert

Kollasj av kvinnelige komponister til Kammermusikkuka 2023: Clara Schumann, Hildegard von Bingen, Lili Boulanger, Caroline Shaw, Agathe Backer Grøndahl, Nina Šenk, Kaija Saariaho, Ida Grande Kaurin, Sofija Gubajdulina.

Årets kammermusikkveke byr på stor aktivitet, konsertar med svært ulike besetningar og noko for kvar ein smak.

Nasjonalbiblioteket, Andrew Campell, Henri Manuel, Ciril Jazbec, Dmitri Smirnov, Music Feast, Wellcomeimages, Regine Dalen Birkeland, Marte Gundersen

Tema for i år er «kvinnene i musikken» Gjennom hundreår har kvinnelege komponistar diverre hatt dårlege kår og ikkje fått utfalde seg slik dei fortener. Det finst likevel mange skjulte skattar, verk som no endeleg bør kunne bli ein del av standardrepertoaret. Det er oppgåva vår å hente fram desse, og det skal få prege konsertprogramma gjennom heile veka. I tillegg vil det bli mange urframføringar, som også bidrar til fornying av repertoaret.

Program

  • Caroline Shaw (1982–): Partita for 8 stemmer, nr. 4: Passacaglia, med Hanne Marit Mordal Iversen, Teresa Mantorski, Barbro Mjelde Solberg, Heide Müller, Peetu Karjalainen, Andreas Wivestad Jansson, Martin Steinum Bruun og Markus Rikard Djuve (song)
  • Kaija Saariaho (1952–2023): Pianotrio «Light and matter», med Will Crock (fiolin), Elizabeth Hall-Keough (cello) og Kathrine Hsu (klaver)
  • Lera Auerbach (1973–): Songs of No Return, med Sigmund Skjeldrum Toppe (klaver) og Marie Lillesand Høgestol (song)
  • Rebecca Clarke (1886–1979): Pianotrio, 2. sats, med Jelena Ilic Veljak (klaver), Hannah Kristina Lund (cello) og Sigve Lieberg Stieng (fiolin)
  • K. Saariaho: Neiges, 5. sats, med Bjørg Lewis og Cellissimo@oslo
  • Hildur Guðnadóttir (1981–): Vichnaya Pamyat frå Chernobyl-soundtracket, med 8 stemmer, med Hanne Marit Mordal Iversen, Teresa Mantorski, Barbro Mjelde Solberg, Heide Müller, Peetu Karjalainen, Andreas Wivestad Jansson, Martin Steinum Bruun og Markus Rikard Djuve (song)
  • Madeleine Dring (1923–1977): Trio for obo, fagott og klaver, med Eliška Slavíková (obo), Jonathan Sandqvist (fagott) og Tamar Makharadze (klaver)
  • Sofija Gubajdulina (1931–): Silenzio, 3. sats, med Noel Rubli (akkordeon), Mathias Liodden (fiolin) og Sophie Kauer (cello)
  • Agnieszka Stulginska (1978–): ORI, med Madara Eleonora Mežale (klarinett), Noel Rubli (akkordeon), Marco Slaviero (gitar) og Elizabeth Hall-Keough (cello)

Medverkande

  • Øyvind Fossen (dirigent)

Publisert: 26. jun. 2023 — Oppdatert: 3. nov. 2023