Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Homohymner med Knut og Alexander

NMH på skrå byr på konsert med den allsidige songaren Knut Kippersund Nesdal saman med harpist Alexander Thomas.

Jonas Jeremiassen Tomter

På denne konserten vil Alexander Thomas (harpe) og Knut Kippersund Nesdal (songar og låtskrivar) tar med eit knippe låter. Eigne komposisjonar og homohymner i ny drakt. Korleis høyrest Believe av Cher ut med harpe? Berre éin måte å finne det ut på: Kom på konsert!

Omtale

I 2022 er det 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. Dette blir markert over heile landet under paraplyen Skeivt kulturår. Vi på Musikkhøgskolen markerer også skeivt kulturår, og veka har fått namnet NMH på skrå.

NMH på skrå set varme, toleranse, mangfald, medmenneskelegheit og fridom på dagsorden, og føregår på Musikkhøgskolen mellom 1. og 6. november. Veka byr på konsertar, panelsamtalar og sosiale arrangement. Konsertane vil representere eit spekter av sjangrar, komponistar og utøvarar, som på kvar sin måte og saman speglar vekas tematikk.

At vi kan vere akkurat den vi er, som musikar, kunstnar og menneske, angår alle uansett fil. Set av veka og bli med på kunstnarleg, verbalt og tenkjande skråplan og feiring av NMH på skrå.

Publisert: 13. sep. 2022 — Oppdatert: 3. nov. 2022