Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ljøsblått: Ljøsblått x Lunsj&Lyrikk – kvedarspesial

Svarthvitt-kollasj av alle kvedarene på NMH til kvedarkonsert under Ljøsblått 2022. Turkis Ljøsblåttlogo over.

Ljøsblått held lunsjkonsert med lyrikk og kvedarspesial, i Bikuben på Det Norske Teatret.

Vera Sonne

Kvedarar frå Musikkhøgskulen innték Lunsj&Lyrikk si scene på Det Norske Teatret og presenterer vokal folkemusikk frå fleire stadar i landet. Det blir kjærleikssorg, dansetulling og salmesong i skjønn foreining. Teatrets kafé i andre etasje er open frå kl. 11:30.

Vi ynskjer i haust å spreie klangen av Ljøsblått ut i Oslo sine byrom, badstover og storstover. Oslo skal fyllast med folkemusikk, og Det Norske Teatret er ikkje noko unntak.

Medverkande

  • Synnøve Brøndbo Plassen, Martin Steinum Brun, Signe Dorthea Krohn Gjessing, Mikael Hedné, Victoria Oftestad, Vera Sonne, Anna Russnes og Runa Kvalsund (song)
  • Tiril Eirunn Einarsdotter (fele)
  • Åsmund Arnesen Farstad (hardingfele)
  • Amalie Kinsarvik Tvilde (torader)
  • Peder Foshaug (kontrabass)

Publisert: 21. okt. 2022 — Oppdatert: 11. nov. 2022