Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Marilyn Mazur møter NMH storband

Mailyn Manzur bak trommesettet på Victoria nasjonale jazzscene

Chateau Neuf blir 50 år, og vårt eige storband speler konsert med ein av verdas store jazz-musikarar – Marilyn Mazur.

Siv Dolmen

Hausten 2018 gjorde Danmarks Radio Big Band ein stor hyllestkonsert med Marilyn Mazur som solist og komponist. Musikk frå heile karrieren hennar blei arrangert for anledninga, og alt frå handskrivne manuskript med kaffiflekkar frå tidleg 80-tal til heilt nye sibeliusfiler blei sende til Helge Sunde, som i tillegg til å lage arrangementa også laga ein avtale om at dei skulle spillast på NMH sesongen etter.

Det sette pandemien ein brutal stoppar for, så dermed blei denne godbiten spart til i kveld. Det har seg nemleg slik at Marilyn ikkje berre har spelt med Jan Garbarek i 14 år – ho har også spelt med Miles Davis i ei årrekke, og nettopp han var det aller største namnet på Chateau Neuf sine første konsertplakatar.

Konserten blei også eksportert til Tyskland og til NDR BigBand i Hamburg med sjefsdirigent Geir Lysne, som også dirigerer konserten denne kvelden.

Det er med stor glede vi nå inviterer til denne festaftanen her på Chateau Neuf, der vi presenterer ein av dei ypparste nordiske jazzmusikarane gjennom tidene!

Helge om Marilyn

Rundt årtusenskiftet prøvde vi å invitere Marilyn til Sandvika på festival og sende nokre demoar for å høyre om det var mogleg å samarbeide om å få arrangert musikken hennar. Til svar fekk vi «Han kan få lov!» med strek under mitt namn, så da eg nokre år seinare skulle spele inn mitt første album, spurde eg om ho ville vere med å spele inn sin eigen låt frå dette samarbeidet … og kanskje nokre fleire? Eg planla det slik at ho stoppa innom Rainbow Studio på veg til Vestlandet på turné ein kald vinterdag i 2005. Eg hadde booka studio med Jan Erik Kongshaug ved sida mi heile dagen, og været viste seg også å absolutt vere på mi side: Snøen lava ned og alle fjellovergangar mellom aust og vest stengde. Da var det berre å spele vidare, og da vi var ferdige langt på kveld etter ein super dag med intens jobbing i 360 graders perkusjonsoppsett, hadde ho spelt inn gull på kvart einaste spor på heile plata! I åra som følgte blei det fleire plater og det blei turnéar i England, Tyskland og Østerrike. Og nå altså med stor glede, denne konserten!

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 19. aug. 2021