- Vladimir Peskin (1908–1988): Konsert nr. 1 i c-moll, Allegro con fuoco
- Sergej Rakhmaninov (1873–1943): Preludium i giss-moll, op. 32 nr. 12
- Toshio Hosokawa (1955–): Im Nebel
- Napoleon Mateusz Tadeusz Orda (1807–1883): Polonese i f-moll
- Koen Plaetinck (1978–): Penrose for trompet og live-elektronikk
- Gustav Mahler (1860–1911): Wo die schönen Trompeten blasen
- Gabriel Parès (1860–1934): Fantaisie Caprice
Medverkande
- Wim Van Hasselt (trompet)
- Vital Stahievitch (klaver)
Omtale
Wim Van Hasselt
Wim Van Hasselt er ein belgisk musikar med base i Sveits. Han har mellom anna vore solist med Amsterdam sinfonietta, Sofia-filharmonien og Budapest festivalorkester, og har opptredd på Concertgebouw i Amsterdam, Beethovenhalle i Bonn, Konzerthaus i Berlin og Tokyo Opera City Hall. Han var medlem av trompetseksjonen i Royal Concertgebouw Orchestra i Amsterdam i mange år, og tidlegare hadde han same stilling i Berlin radiosymfoniorkester, samt praksis i Orkestra Deutsche Oper Berlin og State Opera Stuttgart. Som gjest har han opptredd med Berlin-filharmonien, det bayerske radiosymfoniorkester og Lucerne festivalorkester.
Wim er ein prisvinnande musikar og blir beskriven som «ein eksepsjonelt dyktig musikar med alle dei verktøya som trengst for å glede, overraske og utfordre lyttaren ved kvar vending.» (Gramophone, NMHs omsetjing) Nyleg fekk han den prestisjetunge «Edison Classic Award 2021» for «Imaginary Mirror» (Channel Classic Records), debutalbumet til duoen hans, ART'uur. Innspelingane hans er typisk allsidige, nysgjerrige og koplar tradisjon og modernitet. Dei inkluderer dessutan bestillingsverk av Wim Henderickx, Florian Magnus Maier, Daniel Wohl, Jacob TV, Nicole Lizée og Markus Stockhausen og andre.
Som professor i trompet ved universitetet i Freiburg og Noregs musikkhøgskole i Oslo, og som instruktør for EUs ungdomsorkester, formidlar han entusiastisk kjærleiken sin til musikk, til neste generasjon. Wim Van Hasselt er ein Yamaha-artist.
Vital Stahievitch
Pianisten Vital Stahievitch blei fødd i 1980 i Minsk, Belarus. Han gjekk ut frå National Music College i 1999 og Belarusian State Academy of Music i 2004 med prof. Zoya Kacharskaya. Seinare studerte han ved konservatoriet i Amsterdam med Håkon Austbø og ved universitetet i Amsterdam med Naum Grubert. Vital har vunne prisar i internasjonale og nasjonale konkurransar i Minsk, Vilnius, Amsterdam, Antwerpen, Taranto og Utrecht, og har opptredd i dei fleste europeiske landa, i tillegg til USA, Mexico og Japan. Sidan 2010 har Vital undervist ved konservatoriet i Amsterdam. Vital har eit breitt og variert repertoar, og speler ofte verk av Mozart, Chopin, Schubert, Schumann, Brahms, Prokofjev og Rakhmaninov, samt belarusisk musikk frå ulike periodar.