Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Serendip: Mort Benny

Rosa bilde av bandet Mort Benny, med navnene til bandmedlemmene øverst. Personene er i fargene lilla, rosa, gul og grønn.

Mort Benny er eit band sentrert rundt låtane til gitarist Martin S. Haukedal.

Martin skriv ofte med utgangspunkt i augeblikk som gjev ei stemning og har ei kjensle buande i seg. Desse blir vidareformidla gjennom improvisasjon, lyd og samspel. Låtane fungerer som springbrett for improvisasjon, og musikken blir utøvd med eit sterkt ønske om å utbrodere det tematiske dei presenterer. Det tematiske rammeverket vert også utfordra på ein måte som tar musikken til andre stadar.

Medverkande

  • Martin Haukedal (gitar)
  • Oskar Lindberget (saksofon)
  • Joachim Mørch Meyer (kontrabass)
  • Jomar Jeppsson Søvik (trommer)

Publisert: 3. feb. 2022 — Oppdatert: 9. feb. 2022