Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Opp i ljoset

Ein open og interaktiv konsert med tre folkemusikkstudentar der det visast fram notar og eksempel frå diverse folkemusikk-bøker.

Publikum er fri til å gå rundt og kike på utstillinga medan konserten føregår.

Medvirkande

  • Martin Steinum Brun (song)
  • Åsmund A. Farstad (fele)
  • Tiril Eirunn Einarsdotter (hardingfele)
  • Pia Fjeld Møller Johansen (produksjon)

Omtale

Tre av studentane ved folkemusikk-avdelinga sett den noterte norske folkemusikken opp i ljoset. Den noterte musikken har vore enormt viktig i bevaring av den rike norske folkemusikken, som i lang tid, og framleis er i stor grad gehørbasert. Bevaringa og nedskriving av musikken har røtter tilbake til Lindemann-familien, og står difor NMH nært. Du vil få høyre Martin Steinum Brun på song, Åsmund A. Farstad på fele og Tiril Eirunn Einarsdotter på hardingfele. På denne konserten skal du få høyre om utfordringane med, gledene av, arbeidet med, bakgrunnen for og historiene bak den noterte folkemusikken, noko dei tre studentane skal sette opp i ljoset.

Fleire konsertar

Publisert: 16. mar. 2023 — Oppdatert: 17. mar. 2023