Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

RÅ!

Vi gir deg konsertar i ulike sjangrar, og viser fram noko av det mest spennande som skjuler seg i skolens krikar og krokar.

Her får du høyre alt frå godt etablerte band til det ferskaste rett frå øvingsrommet.

Sunlit

Sunlit er eit kollektivbasert ensemble som arbeider med improvisasjon, mikrotonalitet, visuelle element og grafiske partitur. Vi ynskjer å flette stemningar, reiser og djupe audiovisuelle opplevingar saman til ei ny og heilskapleg oppleving for vårt publikum. Vi hadde vår debutkonsert på Ultima kompass 14. september, og vil gjerne halde fram med vårt arbeid med ein konsert på RÅ!. For denne konserten vil vi utvide konseptet vårt med fleire musikarar og meir materiale, der vi arbeider med grafiske partitur, visuelle element og ulike improvisasjonskonsept. Sunlit er ein del av Vetle Aakre Laupsa si masteroppgåve der han utforskar samspelet mellom visuelle og auditive opplevingar, der grafiske partitur som visuelle element er ein del av denne utforskinga. Med:

  • Ferdinand Schwarz og Øyvind Mathisen (trompet)
  • Johan Nordin (preparert piano)
  • Jonathan Sandqvist (fagott)
  • August Estberg og Stefano Boggiani (gitar/effektar)
  • Kristian Enkerud Lien (akustisk gitar og gitar/effektar)
  • Vetle Aakre Laupsa (kontrabass)

Tobias Rønnevig

Tobias Rønnevig er trommeslagar og låtskrivar. Han skriv om folk. Store og små tankar om folk som blir eldre, som flyttar på seg eller folk som står stille. Desse tankane om relasjonar får utlaup i låtar som oppheld seg innanfor sjangaren vise-pop, men har tydelege element av jazz og improvisasjon

Ark

Ark er ein dansk-norsk trio som speler improvisert musikk med referansar frå intuitiv musikk, fri impro, samtidsmusikk og minimalisme. Trioen speler leikent og røyrer seg saumlaust mellom komponert og improvisert materiale. Med:

  • Lasse Damsgaard Andersen (DK, saksofon)
  • Uma Morelia Bustos Reksten (NO, bass)
  • Markus Kristiansen (NO, trommer)

Fleire konsertar

Publisert: 23. jun. 2023 — Oppdatert: 16. okt. 2023