Albumet «Elles ganske frisk» tek for seg det kaotiske møtet med vaksenlivet, og svingar mellom naiv narsissisme, nervøs nattesvevn, tunge våpen og lett ullundertøy. Musikken er ein uredd miks av sjangrar, og med hjelp frå dyktige medmusikantar rommar plata både dansbart, jazzsmart, litt rart, og vise, – så klart.
Medverkande
- Symre Taugbøl Bang (vokal og gitar)
- Torjus Gravir Klykken (bass og kor)
- Jon Espelid (trommer)