Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Det Norske Solistkor og tre hundreår

Kordirigentane Simon Arlasjö og Markus Täthi Dunseth dirigerer Det Norske Solistkor på denne felles masterkonserten, med musikk av mellom anna Bach, Saariaho og Poulenc.

Når Solistkorets profesjonelle songarar møter nokre av Europas mest talentfulle unge dirigentar oppstår ein heilt spesiell energi. Denne sesongen har koret den store gleda av å samarbeide med Markus Tähti Dunseth og Simon Arlasjö, som med denne konserten har avsluttande mastereksamen i kordirigering ved Norges musikkhøgskole.

Kom og opplev musikk om rusande forelsking og langvarig kjærleik. Om naturen og natta si stille, og ei av menneskas sterkaste drivkrefter: at vi i mørke tider trur på at lysare dagar vil komme. Perfekt musikk å ta med seg inn i oktoberkvelden!

Program

  • Johann Sebastian Bach (1685–1750): Komm, Jesu, komm
  • André Jolivet (1905–1974): Épithalame
  • Kaija Saariaho (1952–): Nuits Adieux
  • David Lang (1957–): Again
  • Ingvar Lidholm (1921–2017): De profundis
  • Karin Rehnqvist (1957–): När natten skänker frid
  • Robert Schumann (1810–1856) og Clytus Gottwald (1925–): Mondnacht
  • Francis Poulenc (1899–1963): Figure humaine, sats 8

Medverkande

  • Det Norske Solistkor
  • Simon Arlasjö (dirigent første del)
  • Markus Täthi Dunseth (dirigent andre del)

Omtale

Korleis uttrykkjer ein godhug overfor nokon ein elskar? Den franske komponisten André Jolivet skreiv Épithalame til kona si i anledning deira 20-års bryllaupsdag. Med fengslande rytmer og klangar framstiller verket forelskinga og krafta som trekkjer oss mot kvarandre i kjærleik.

I Komm, Jesu, komm møter vi eit slitent menneske som søkjer Gud, kvile og omsorg. Lengsla går over i inderleg bønn, men landar til slutt i ro og takksemd.

Andre del av konserten tar utgangspunkt i natta som rommar eit mørke, men også ei håpefull stille. Kaija Saariaho er ein av vår tids fremste komponistar, og Nuits, adieux (Natt, adjø) skreiv komponisten til minne om bestemora si.

David Lang sitt minimalistiske stykke Again uttrykkjer ei form for resignering: «What happend before will happen again, I forgot it all before, I will forget it all again». Ut av dette veks eit desperat rop om hjelp med Ingvar Lidholms dramatiske De profundis (Frå djupet).

I Karin Rehnqvists När natten skänker frid og Robert Schumanns Mondnacht (Måneskinnsnatt) blir natta noko trøystande og vakkert.

Konserten blir avslutta med siste del av Francis Poulencs Figure Humaine, der troa på eit ventande daggry seirar over grusom smerte og brutalitet. Siste del av verket er ei hyllest til fridom.

Fleire konsertar

Publisert: 13. jun. 2022 — Oppdatert: 1. aug. 2022