Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Kjell Habbestad

Pro­fes­sor

Fagseksjon for musikkteori, komposisjon og musikkteknologi

Kompetanseområder

  • Komposisjon
  • Musikkteori, satslære, funksjonsharmonikk: Kontrapunkt i Palestrinastil, kontrapunkt i Bach-stil, sonatesatsform
  • Komposisjonsteknikkar i det 20. århundre: Debussy, Bartok, Stravinsky, Schönberg, Messiaen, serialisme, minimalisme osv

Biografi

Fødd 13. april 1955 på Bremnes i Bømlo kommune, Sunnhordland, er professor i musikktori og komposisjon.

I 1975–1979 studerte han kyrkjemusikk og i 1981 tok han diplomeksamen i komposisjon ved same institusjon, etter studier med Finn Mortensen, Olav Anton Thommessen og Lasse Thoresen.

Habbestad var organist i Snarøya kyrkje, Bærum, fra 1977 til 1981 og i Langhus kyrkje fra 1986 til 1987. I 1981 vart han tilsett som lektor i teorifag ved Bergen Musikkonservatorium, i 1986 som førsteamanuensis ved Østlandets Musikkonservatorium, og i 1996 som førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole, professor frå 2012. Som komponist debuterte Habbestad med ein førstepris i TONO's komposi­sjonskonkurranse i høve 50-årsjubiléet i 1978, med korverket Magnificat. Tre år seinare vann verket Jubal førstepris i ein konkurranse ved innviing av nytt orgel i Borgund kyrkje, Ålesund.

Kjell Habbestads verkliste tel per i dag meir enn 100 opus, m.a. operaene Nenia, til minne om Fartein Valen, The Maid of Norway og Hans Egedes Natt (samtlege med liberetti av Paal-Helge Haugen), samt Karlstad 1905 – Et Blad i Civilisationens Historie og musikalen Greven av Monte Cristo (begge med eigne liberetti), oratoria Ei natt på jorda (tekst Paal-Helge Haugen) og Adam og Eva (tekst frå Henrik Wergelands Skabelsen, Mennesket og Messias). Habbestad står også for teatermusikk til Mostraspelet, som i perioden 1983–2015 årleg vart framført på Bømlo.

Verk av konserterande karakter: Tatyana – Portrait of a Woman, concerto for clarinet and orchestra; Concerto for Oboe and Orchestra (LWC 1186); Un rêve Norvégien, konsert for saksofon og orkester (LWC 1162); Munchsuite, konsert for fløyte og strykarar; Etwas neues unter der Sonnen, konsert for hardingfele og Symphonic Band (SonCD9002); Ave Maria, konsert for orgel og strykarar (ACD 5091); samt orkestersongane Olokun og Lament.

Av kammermusikk kan nemnast strykekvartettane Quattro Stazioni og Strykekvartett nr. 2 innspelte av Vertavo + Björn Nyman i klarinettkvintetten Air d'été duedois (LWC 1193); Divertimento for klarinett og klaver (same CD + Sveinung Bjelland); pianostykket Hammerklavier (kommentar til Beethovens Hammerklaviersonate); 14 Ibsensanger forr baryton og klaver; Angeli for fløyte, fiolin, cello og klaver; BosNOREGia for akkordeon og strykekvartett; Seseljasongar (tekst av Ruth Lillegraven) for sopran og gitar; og O mangdum mysterium for harpe. I 2012 utkom orgel-albumet, Gaudeamus (LWC 1031), med ei rekkje orgelverk blant annet Introductioin & Passacaglia over to tema av Fartein Valen. I 2019 kom så orgelverket Ave Maris stella.

Musikkdramatikk i mindre format er Terje Vigen – eit melodrama for kammerensemble og resitasjon. Vidare kan nemnast 'liturgiske drama' som Jubal, Jabal, Kar og kjerring, Noahs draum (GRCD 4156) og Mysteriet (heilaftans pasjonsverk med tekstar av Arnold Eidslott).

Sentralt står elles større vokalverk og kantatar som Cantica (Magnificat, Nunc Dimittis og Benedictus Dominus); Nox Praecessit, Hymni og Psalmi innspelte med Latvia Radiokor (LWC 1136); Stabat Mater dolorosa for mannskvartett og mannskor; Apal, Kverni og Sju vindar til Olav H. Hauge-tekstar; Voluspå; Das Lied von der Glocke (Friedrich Schiller); Mi sjel er ei eolsharpe, over Jakob Sande-tekstar; skrive til Nordic Voices og sinfonietta, samt ca. 90 motettar til dei ulike søndagar i kyrkjeåret.

Kjell Habbestad har óg gjort seg gjeldande som skribent og redaktør. I 1989 utgav han Cantate, ei hand­bok over korverk til kyrkjeleg bruk, på Verbum forlag. I samband med Norsk Komponist­forenings 75-årsjubileum i 1992, var han redaktør for bøkene Temaer, tendenser og talenter – Norsk samtidsmusikk gjennom 25 år – og Arrangementer, arenaer og aktørar i norsk samtidsmusikk. I 1996 og 1997 var han redaktør for komponistforeningens årbøker for norsk samtidsmusikk.

Habbestad vart medlem av Norsk Komponistforening i 1981. I perioden 1987–1996 var han styre­medlem, frå 1990 til 1996 viseformann, og i perioden 1996 til 2002 formann i foreiningas musikk­faglege råd. Han var óg styreformann i Komponistenes Vederlagsfond, 2002–2005 og formann i TONOs vurderingsutvalg 2005–2007. I 2017 var han nominert til Spellemannsprisen, Årets komponist, for korplata Et nox in diem versa (LWC 1136) med Latvia Radiokor (dirigent Sigvards Klava).

Bakgrunn

Utdanning

  • Kyrkjemusikk hovudstudium (1979).
  • Komposisjon diplom (1981).
  • Pedagogisk seminar (Bergen musikkonservatorium 1982).

Jobberfaring

  • Organist i Snarøya kyrkje (1977-81).
  • Lektor ved Bergen Musikkonservatorium (1981-86).
  • Organist i Langhus kyrkje (1986-87).
  • Førsteamanuensis ved Østlandets Musikkonservatorium (1986-96).
  • Førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole frå 1996.
  • Professor ved Norges musikkhøgskole frå 2013.

Festivalsjef Smôga Kammarmusikfestival, Västra Näs, Årjäng, Sverige

Prosjekter Kjell Habbestad er en del av