Dei aller fleste konsertane i regi av Musikkhøgskolen er gratis for publikum, og det er ikkje behov for å kjøpe billettar på forhand.
Om konsertane våre og billettsal
Her kan du lese om kva som gjeld vedrørande konsertar og billettar.
Konsertar med NMHs faste ensemble (orkester, kor, storband, sinfonietta) samt konsertar med profesjonelle gjestar er billettert med førehandssal. På nokre andre konsertar, der vi ventar særskilt stort publikum eller det av andre grunnar er behov for oversikt over talet på besøkande, kan det også bli lagt ut sal av gratisbillettar. Då vil det kome tydeleg fram på kvart enkelt arrangement i kalenderen seinast 7 dagar før arrangementet.
Om billettar og tilgjengelegheit
Spørsmål?
Dersom du har spørsmål eller tilbakemeldingar til oss med omsyn til billettsal, ta kontakt med produksjonssjefen.
Publisert: 16. jun. 2020 — Oppdatert: 6. feb. 2025