Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Demenskor i alle Oslos bydelar

Eldre mennesker synger foran en blurry dirigent i gul genser.

Det reviderte Oslo-budsjettet er gjort kjent, og demenskor står på agendaen. Etter diverse innspel til kommunen ved leiar ved NMHs Senter for forsking i musikk og helse (CREMAH), Karette Stensæth, er demenskor-satsinga no blitt ein realitet.

Kristeleg folkeparti (KrF) og Fremskrittspartiet (FrP) har saman stilt seg bak eit krav i dei siste budsjettrevisjonane. No skal alle bydelar gi tilbod om demenskor, og saman med dei skal CREMAH utvikle kunnskap om tilbodets effekt og verdi for helsa.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Oslo kommune og Noregs musikkhøgskoles (NMH) ved CREMAH.

Auka merksemd

Musikkterapimiljøet på NMH har lenge vore engasjert i demenskorsaka, mellom anna via den velkjende TV-serien på NRK, der både tilsette og stipendiatar har medverka som fagpersonar. CREMAH-forskarane har jobba med forskingsprosjekt parallelt med serien, og dessutan arrangert kurs med over 300 deltakarar i etablering og leiing av demenskor på NMH etter at merksemda auka i kjølvatnet av TV-suksessen.

At vi på NMH kan delta i kunnskapsutvikling saman med Oslo kommune om dette er ei glede. Samarbeidet kan også bli ein modell som andre kommunar kan lære av seinare.

Karette Stensæth, leiar i CREMAH

Forskarane ved CREMAH og NMH har heile vegen vore opptatte av berekraftige kor som varer. Dei bør også i størst mogleg grad vere kunnskapsbaserte. Helsegevinst avheng ofte av det, fortel dei.

– Denne satsinga vil kunne bety mykje for personar som lever med demens og deira familiar i Oslo. At vi på NMH kan delta i kunnskapsutvikling saman med Oslo kommune om dette er ei glede. Samarbeidet kan også bli ein modell som andre kommunar kan lære av seinare, seier CREMAH-leiar Karette Stensæth.

Stor tildeling

Det er sett av fem millionar NOK over to år til prosjektet. Midlane går til drift, løn, kursing, rettleiing og forsking. Arbeidet startar allereie denne hausten, og planen er at kommunen deretter skal implementere tilbodet i dei fasta planane sine.

– Vi i KrF heiar på NMH og CREMAH, som har tatt initiativ til dette prosjektet. At NMH vil stille sin fagkunnskap til rådigheit både gjennom kursing, opplæring og følgeforsking, trur vi er ein føresetnad for at denne satsinga skal lukkast, skriv Øyvind Håbrekke (KrF) i ei pressemelding.

– I åra som kjem vil enda fleire menneske oppleve at dei sjølv eller deira nære blir ramma av demens. For KrF er det viktig å ikkje berre dekkje dei reint fysiske behova i demensomsorgen, men å skape innhald, fellesskap og verdigheit i kvardagen for dei som blir ramma.

Les meir