Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Musikkterapi i beste sendetid

Ingrid Gjessing Linhave, Kim Wingaard og Jelena Golubovic står sammen på operataket

1. januar var det premiere på NRK-programmet Demenskoret, der forskarar frå Musikkhøgskolen er med som ekspertise.

Programmet følger ulike personar med demens og deira pårørande gjennom to månader; frå første korøving til ferdig konsert. Målet er å finne ut kva for effekt korsong, samsong og fellesskap kan ha for denne gruppa.

Koret blir leia av pianist og stipendiat i musikkterapi Jelena Golubovic, og dirigent og songar Kim Wigaard Johansen.

I samband med programmet har ei gruppe forskarar frå NMH gjennomført ein liten, uavhengig forskingsstudie med deltakarane i koret. Studien er godkjend som sub-studie til det internasjonale HOMESIDE-prosjektet, der ein undersøker kva musikk- og leseaktivitetar kan bety for personar med demens og dei pårørande.

Resultata frå studien kan ein lese meir om i ein ny, fagfellevurdert artikkel hjå Norsk forening for musikkterapi: KOR, DEMENS OG LIVSKVALITET.

– For oss vart dette ein flott måte å drive god folkeopplysing på.

Karette Stensæth, professor i musikkterapi og leiar for CREMAH

Professor Karette Stensæth leiar det norske HOMESIDE-teamet, og medverkar òg i NRK-programmet. Ho fortel at Senter for forsking i musikk og helse ved NMH (CREMAH) har fleire prosjekt på gong innanfor feltet eldrehelse.

– For oss vart dette ein flott måte å drive god folkeopplysing på. Her får vi formidla noko om musikkens verdi for liv og helse generelt, og om kva song og fellesskap kan bety for personar med demens spesielt, seier ho.

Stensæth håpar mange vil sjå programmet, og at det vil danne springbrett for fleire nye kor for personar med demens. I tillegg håpar ho dei får sett i gong like mange forskingsprosjekt.

– Demens er trass alt ein av vår tids største folkehelseutfordringar. Det er noko alle, også vi på NMH, har meir eller mindre personleg kjennskap til. Musikk kan gjere ein forskjell. For mange! Og forsking frå musikkterapien står sentralt for å etablere gode, kunnskapsbaserte tilnærmingar mange har glede og nytte av.

Programmet vert send søndagar på NRK1, med premiere 1. januar 2023. Alle episodane vil vere tilgjengelege i nettspelaren til NRK frå same dato. Programleiar er Ingrid Gjessing Linhave.

Artikler relevante