Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Opprop for demenskor – lyttar politikarane?

Frå venstre: Jarle Flemvåg (Krafttak for sang), Rune Frank Brunslid (Norges korforbund), Ole Henrik Krat Bjørkholt (HOD), Karette Stensæth (NMH), Odin Adelsten Aunan Bohmann (KUD), Inger-Pernille Stramrud (Norges korforbund), Beatrix van Doorn (Sang i eldreomsorgen), Christine Wilhelmsen (NMH), Gerd Byermoen (Norges korforbund) og Jelena Golubovic (NMH).

TV-serien Demenskoret på NRK har hatt enorm suksess, og det er starta opp haugevis med nye demenskor. Eldsjeler frå musikkterapimiljøet og andre fagmiljø har møtt statssekretærar frå Arbeiderpartiet og overlevert eit opprop for tilbod om demenskor for heile landet.

Tysdag 13. juni møtte statssekretærane Ole Henrik Krat Bjørkholt (Helse- og omsorgsdepartementet) og Odin Adelsten Aunan Bohmann (Kultur- og likestillingsdepartementet) fagfolk frå CREMAH (Senter for forsking i musikk og helse, NMH), Norsk forening for musikkterapi (NFMT), Norges korforbund og Sang i eldreomsorgen (Krafttak for sang). Opproparane foreslår ei statleg implementeringspakke i form av ei nasjonal tilskotsordning, som sikrar tilbod om demenskor til alle som treng det.

– Landet har fått ei oppvakning, sa Aunan Bohmann idet han ønska velkommen.

Rune Frank Brunslid frå Norges korforbund innleia passande nok med forbundets eige slagord: Song heile livet.

– For personar med demens er ofte korøvinga det einaste sosiale samlingspunktet i løpet av ei veke, foralte han.

Beatrix van Doorn frå Sang i eldreomsorgen supplerte:

– I samband med demenskor snakkar vi ofte om heimebuande med demens, men det gjeld også dei som bur på ein eldreinstitusjon. Begge bør vere ein del av eit større økosystem. Vi veit også at overgangen frå heim til institusjon kan vere utfordrande. Med gode overgangar og kortilbod som følger dei heile vegen, kan desse prosessane bli meir stabile.

Ho trakk også fram dei som jobbar på institusjonane, og viktigheita av at dei arbeider saman og kjenner til kvarandre. Men institusjonane treng rettleiing og støtte frå fagmiljøa for å bygge opp robuste tilbod.

Dei fleste har minne frå musikk

«Korfor demenskor?» var eit av spørsmåla Karette Stensæth, leiar for CREMAH, ønska å svare på:

– Forsking om korsong og demens viser at korsong kan redusere depresjon og fremje psykologisk velvære, livskvalitet og kognisjon hos personar med demens.

Stensæth viste til studien «Kor, demens og livskvalitet», gjennomført i samband med TV-serien på NRK.

– Ei av målingane viser signifikant effekt på betra humør hos kordeltakarane etter kvar korøving sammenlikna med målingar gjort før øvingane. Dei andre målingane viser ingen negative endringar. Humør kan vi også forstå breiare, som vitalitet.

Stensæth fortalte at sjølv i seinare stadium av sjukdomen, kan områda knytta til musikalsk hukommelse vere relativt godt bevarte. Dei fleste har minnar knytta til musikk, uansett om dei har drive med musikk sjølv eller ikkje, og av den grunn kan korsongdeltaking vere gunstig – for alle.

– Kva kan vi gjere for at livet får meining, sjølv med sjukdom? spurte ho vidare og viste til eksempelet ho kallar «kanskje seriens høgdepunkt» – kormedlem Jan Runar som syng «You’ll never walk alone».

– Det er ressursane hans som slår oss – han syng jo så fint. Det er meistringa, gleda og den musikalske livsutfaldinga vi ser. Vi veit jo at sjukdomen er der, men det er ikkje den som er i forgrunnen, påpeikte ho.

Dei besøkande på veg inn i Kultur- og likestillingsdepartementet.

Innspelet svarar på kampanje

Jelena Golubovic har vore pianist under innspelinga av Demenskoret, og er også fagansvarleg i NFMT og forskar i CREMAH.

– Som vi har sett på TV, argumenterte ho, er demenskor ein svært aktuell modell som både er lett å implementere og som har god effekt.

Golubovic og Stensæth viste mellom anna til kvalitetsreformen Leve heile livet, der målet er at alle eldre skal få betre hjelp og støtte til å meistre livet, samt til Regjeringas nye folkehelsekampanje for psykisk helse. Der er tre av punkta å gjere noko aktivt, gjere noko saman og gjere noko meiningsfylt. For personar med demens, svarer ei nasjonal implementering av demenskor på alt dette, meiner dei.

Antal personar med demens aukar

– Robuste og berekraftige demenskortilbod krev kompetanse, det vil si ei samansetting av demens-, musikkterapi- og musikkfagleg kompetanse og koplinga mellom desse, påpeikte Golubovic, og trakk fram nøkkelorda kvalitet og kontinuitet.

Stensæth og Golubovic oppfordrar Noreg til å vere eit føregangsland og implementere ordning med kunnskapsbaserte demenskor som er rettferdig fordelt over heile landet, spesielt på eit felt der det er stort potensial for frivillegheit – ein annan avgjerande faktor i ei potensiell satsing. Dei la til at kultur-, musikk- og helsefaglege utdanningar er klare til å bistå behov i prosessen.

Med det og den kompetansen vi har, oppnår vi positiv helseinnsats og verknad for mange menneske, også pårørande.

Karette Stensæth Professor og leiar av CREMAH

Vidare viste Stensæth til at antal personar med demens i Noreg er forventa å doble seg fram til år 2050.

– Demenskor er eit lett gjennomførbart tiltak som inkluderer mange, gir mykje glede og livskvalitet, og det kostar forholdsvis lite. Med det og den kompetansen vi har, oppnår vi positiv helseinnsats og verknad for mange menneske, også pårørande. Behovet for tiltak og aktivitetar som dette er stort, med tanke på framtida og demens.

Dei avslutta med ein appell:

– Demenskor kan skape unike fellesskap som demensomsorga treng. Vi kan musikk- og demenspraksis og forsking! Saman kan vi gå foran, ikkje bare nasjonalt, men også internasjonalt.

– Eit fantastisk eksempel

Sjølv om ingen lovnadar har blitt gitt, svarte Ole Henrik Krat Bjørkholt at meir satsing på helse er i tråd med det dei tenkjer.

– Vi ønsker å auke dagaktivitetstilbodet for eldre, og at samfunnet legg til rette for den demografiske endringa.

Vi ønsker eit alders- og demensvennleg samfunn. Dette er eit fantastisk eksempel på korleis ein kan gjere det.

Ole Henrik Krat Bjørkholt Statssekretær

Han peikte på at det er andre ting enn Helsetjenesten som skapar helse.

– La oss ta tak i ting før dei oppstår. Vi ønsker eit alders- og demensvennleg samfunn. Dette er eit fantastisk eksempel på korleis ein kan gjere det.

– Det er lett å bli entusiastisk av å høyre på dykk, erklærte Odin Adelsten Aunan Bohmann.

Jelena Golubovic får blomster på scenen på Chat Noir. Demenskordeltakerne står rundt.
Jelena Golubovic saman med Demenskoret på NRK. Foto: Julia Marie Nagelstad, Nordisk Banijay, NRK

Folkets røyst

Inger-Pernille Stramrud frå Korforbundet starta oppropet på eige initiativ. Ho delte at ho kjenner ein av deltakarane frå Demenskoret personleg.

– Eg så forandringa, stoltheita, at han retta seg opp, fortalte ho. – Kanskje eg kan bidra til at dette skjer med fleire.

Stramrud fekk æra av å overrekkje oppropet til politikarane – ei tykk blekke med personlege forteljingar om korleis musikk og song har hjelpt personar med demens og deira pårørande.

– No er folkets røyst i dykkar hender, sa Stramrud høgtideleg idet ho gav samlinga vidare.

Artikler relevante