Slagverkar Åsmund Moen er masterstudent og stakk av med hovudpremien på 50 000 kr. Sist, men ikkje minst får Nesodden-fødte Moen eit solistoppdrag med sjølvaste Kringkastingsorkestret – ein premie til misunning.
Moen har studert fire år utøvande slagverk på Musikkhøgskolen, og hadde sin avsluttande eksamenskonsert på bachelor våren 2020.
– Dette kom overraskande, og var ikkje noko eg hadde rekna med, seier Åsmund Moen til Ungdommens musikkmesterskap etter sigeren.