Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Kongepokal og topp-plasseringar i Landskappleiken

Trioen Hekate med Malin Silje Liahagen, Malin Alander og Synnøve Brøndbo Plassen foran grønn bakgrunn.
Trioen Hekate vann 1. plass i open klasse. Frå venstre: Silje Risdal Liahagen, Malin Alander og Synnøve Brøndbo Plassen.

NMH-prosenten var eksepsjonelt høg i toppsjiktet på Landskappleiken på Gol i år.

26. til 30. juni var det klart for eit av folkemusikkens årlege høgdepunkt: Landskappleiken på Gol.

Etter ein rask kikk på resultatlistene var det ingen tvil om at Noregs musikkhøgskole var sterkt representert, ved både noverande studentar, tilsette og alumnar heilt tilbake til 90-talet.

Dei NMH-tilknytte musikarane kjem ikkje berre frå folkemusikkstudiet, men frå for eksempel klassisk slagverk og musikkpedagogikk. Du finn også tidlegare studentar som har tatt vidareutdanning på NMH, i alt frå live-elektronikk til kulturleiing. Folkemusikken er til stades fleire stadar enn mange kanskje trur.

Synnøve Brøndbo Plassen stakk av med førsteplassen i vokal, klasse A.

– Absurd

Det var – kanskje ikkje så overraskande når ein ser på resultata hennar dei siste åra – Synnøve Brøndbo Plassen som stakk av med øvste plassering i vokal, klasse A. Ho har både bachelor og master i utøvande folkesong frå NMH, og fullførte sistnemnde i fjor.

Ho verkar nesten rysta når vi spør kva ho tenkjer om sigeren:

– Det er så vanvittig stor stas å få tildelt ein kongepokal, skriv ho på SMS, og skryt av konkurrentane sine: – Det var så mykje fantastisk song å høyre både i tevlinga og i finalen, så det er ganske absurd for meg at eg får ha med meg pokalen heim.

Gruppa Hekate, med Brøndbo Plassen, NMH-student Malin Alander og Silje Risdal Liahagen, kapra også førsteplassen i open klasse. Liahagen underviser i folkedans ved NMH.

Botnlaust rørt studieleiar

Ei anna som svarer med mange utropsteikn, er førsteamanuensis og studieleiar for folkemusikk på NMH, Unni Løvlid:

– Eg blir så botnlaust rørt over alle studentane som deltok på kappleiken i år på spel, song, dans og alt. Dei er så ulike, og den enkelte har styrke til å berre halde på med sitt.

Det er sterkt å få oppleve at studentar frå fleire studieretningar ved NMH deltok – det rører og fortel noko om den opne kulturen vi har ved NMH no.

Unni Løvlid, førsteamanuensis og studieleiar i folkemusikk på NMH

Ho skriv at ho alltid har vore redd for at studentane skal ende opp som like, når dei tar ei utdanning som ved NMH.

– Men denne uroa blir til dei grader motbevist av desse flotte unge som veks fram no, meiner Unni.

– Eg kjenner meg veldig heldig som får lov å jobbe med dei, og saman med kollegaer får følge dei nokre få år på deira kunstneriske reise. Og det er sterkt å få oppleve at studentar frå fleire studieretningar ved NMH deltok – det rører og fortel noko om den opne kulturen vi har ved NMH no, rundar ho av.

Vinnarar

Artikler relevante