Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Åsmund Moen er årets musikar

Slagverker Åsmund Moen poserer med trofeet for prisen som årets musiker i Ungdommens musikkmesterskap

Ungdommens musikkmesterskap gjekk av stabelen helga 4.–5. september, og studentane frå Norges musikkhøgskole skuffa som vanleg ikkje.

Slagverkar Åsmund Moen er masterstudent og stakk av med hovudpremien på 50 000 kr. Sist, men ikkje minst får Nessodden-fødte Moen eit solistoppdrag med sjølvaste Kringkastingsorkestret – ein premie til misunning.

Moen har studert fire år utøvande slagverk på Musikkhøgskolen, og hadde sin avsluttande eksamenskonsert på bachelor våren 2020.

– Dette kom overraskande, og var ikkje noko eg hadde rekna med, seier Åsmund Moen til Ungdommens musikkmesterskap etter sigeren.

– Dette kom overraskande, og var ikkje noko eg hadde rekna med.

Åsmund Moen Årets musikar i Ungdommens musikkmesterskap 2021
Slagverker Åsmund Moen spiller på Ungdommens musikkmesterskap

Kvartett-vinnarar

Prisen for beste ensemble gjekk til blåsekvitetten The Quintessence, som består av Anja Sandvoll (fløyte), Emilie Wästlund (obo), Erle Løvset (klarinett), Paula Dorothea Richter (fagott) og Christoffer Alexander Amundsen (horn). Dei er også alle studentar på Norges musikkhøgskole – både på utøvande og utveksling.

Kvartetten blir belønna med 40 000 kr., og begge mottakarane blei kåra på finalekonserten søndag.

Vi gratulerer alle vinnarane!

Blåsekvitetten Quintessence spiller på Ungdommens musikkmesterskap

Artikler relevante