Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ministerens tale

Kristel Skorge, Oddmund Hoel, Astrid Kvalbein, Morten Qvenild, Sidsel Karlsen og Lucie Lou Camps står foran inngangen til NMH.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel på besøk under offisiell opning av studieåret 2024. Frå venstre: Kristel Skorge (direktør), Oddmund Hoel, Astrid Kvalbein (rektor), Morten Qvenild (prorektor), Sidsel Karlsen (viserektor), Lucie Lou Camps (SUT-leiar).

Les tala som statsråd for forsking og høgare utdanning, Oddmund Hoel, heldt under den offisielle opninga av studieåret 2024.

Rektor, tilsette, alle på Noregs musikkhøgskule, og først og fremst, kjære studentar.

I dag skjer det noko stort. Det er den store opninga av studieåret. Desse dagane i august er utan tvil favorittdagane mine som statsråd for forsking og høgare utdanning. Det er nyttårsaftan, 17. mai og bursdag på same tid.

For høgare utdanning er ingenting utan studentar. Studentane er fortida vår, samtida vår og framtida vår. Og de som er samla her i dag, de er musikkens framtid.

– Musikk kan velte fjell

Dei siste vekene har eg hatt gleda av å møte ei rekke nye studentar rundt i Oslo. Framtidige lærarar, sjukepleiarar, økonomar, journalistar, ingeniørar, samfunnsvitarar, mellom anna.

Og nå får eg altså lov til å avslutte ballet her hos dykk. Det er ein stor glede.

Nokre av dykk som er samla her i dag har akkurat begynt på livet som student – andre skal fortsette på ein master.

Uansett kven du er eller kva du skal, er det studiet du skal ta fatt på veldig viktig – for deg som menneske, men òg for Noreg som samfunn.

Vi lever i ei tid med mange store samfunnsutfordringar. Eg tipper mange av dykk kjenner på det når de opnar nettavisa. Vi bur i ein meir utrygg verd, med auka konflikt, klimaendringar, og vi har eit samfunn der vi får fleire eldre og færre unge. Det gjer at vi omstille heile måten vi driv samfunnet vårt på.

Astrid Kvalbein og Morten Qvenild taler i Lindemansalen.
Morten Qvenild og Astrid Kvalbein heldt også taler under arrangementet.

For at Noreg skal klare å møte alle desse utfordringane, da treng vi alle de yrka eg ramsa opp no nettopp.

Men vi treng òg musikarar. Det gjer vi verkeleg.

For som musikarar – og som kunstnarar – klarer de noko andre kan ha meir vanskeleg for å gjere: Å nå fram til folk. Å treffe dei i livet sitt der dei er. Å påverke folk på ekte.

I dei tyngste augneblikka i eit liv, kan musikk vere det som held folk oppe. Musikk kan velte fjell.

Musikk er fest. Det er kunst, terapi, vitskap. Men det er òg kritikk, det er dissonans, det er alt det som bidrar til at vi har et samfunn i rørsle og som greier å fornye seg.

For som musikarar – og som kunstnarar – klarer de noko andre kan ha meir vanskeleg for å gjere: Å nå fram til folk. Å treffe dei i livet sitt der dei er. Å påverke folk på ekte.

Oddmund Hoel Forsking- og høgare utdanningsminister

Fellesskap

Ikkje minst er musikken fellesskap. Det er eit ord eg er veldig glad i å snakke om.

Noko av det beste med Noreg, er at høgare utdanning blir finansiert av fellesskapet. På den måten skal alle kunne ha moglegheita til å ta ein utdanning – uansett kven du er eller kor du kjem ifrå. Nokon når så langt at dei kan følge draumen sin, slik som de som sit her.

Frå 1973 fekk vi omsider ein offentleg musikkhøgskule. Det var på sin plass.

For akkurat som musikk skapar fellesskap, bør fellesskapet vere med på å finansiere nokre av våre beste framtidige musikarar. At du lukkast, det betyr noko. Ikkje berre for deg sjølv, men òg for Noreg som samfunn.

Morgondagens musikarar, komponistar, dirigentar og musikkterapeutar. Dei finn vi her. Og Noreg treng dykk.

Nokre gonger kan flokken vere liten, men han kan òg strekke seg på tvers av både landsdelar og landegrenser. Det gjer han her på Noregs musikkhøgskole i aller høgaste grad.

Oddmund Hoel Forsking- og høgare utdanningsminister
Oddmund Hole taler i Lindemansalen foran blått opplyst orgel.

Kjære alle saman, fellesskap er noko vi treng gjennom heile livet – ikkje minst som student.

For det å vere student, det kan vere heilt fantastisk – men det kan òg vere tøft. Mange flyttar heimanfrå for første gong, og skal bygge eit eiget liv. Kanskje må du bruke litt tid på å finne din veg. Men eg lovar deg, det er verdt det. 

Ein annan ting eg kan love deg, er at du ikkje kan gjere alt åleine. Så ver ein ven, engasjer deg i noko du trur på. Det kan vere eit band, men det kan òg vere eit innebandy-lag, eller ein ideell organisasjon som kjempar for ein betre verd. For å låne orda til vår kjære, og dessverre avdøde, folkerådgjevar, Per Fugelli: «Ikke vær et ettall på jorda. Bry deg om flokken din.» 

Nokre gonger kan flokken vere liten, men han kan òg strekke seg på tvers av både landsdelar og landegrenser. Det gjer han her på Noregs musikkhøgskole i aller høgaste grad. Og det er noko av det som gjer det så fint.

Med det vil eg ønske dykk alle lukke til med studiestart og reisa vidare. Takk for meg!

Artikler relevante