For improviserande musikarar er det viktig å utvikle medvit om det å frigjere seg frå innøvde vanar. Lærar i jazzpiano, Eyolf Dale, har hatt dette som sitt fokus når han i skoleåret 2015/2016 har delteke i CEMPE-prosjektet Øving på tvers av sjangrar.
Eyolf har hatt nokre hovudinstrumenttimar med trommestudent Henrik dette skoleåret, og då speler dei ofte duo piano og trommer. På ein workshop med lærarar og studentar som deltek i Øving på tvers av sjangrar, skal Eyolf og Henrik demonstrere ei øving dei ofte har gjort på time. Poenget med øvinga er å sette fokuset på kva for improvisasjonsrepertoar dei bruker når dei speler fritt saman.
Dei startar med å improvisere fritt utan å adresse noko bestemt, for å sjå kva som hender. Kva for ulike musikalske fenomen eller idéar kan dei legge merke til at Henrik bruker ofte på trommene? For øvinga si skuld ønsker Eyolf at dei skal kunne identifisere fem ulike fenomen som er typisk for Henrik når han ikkje tenker seg om på førehand. Etter to improviserte forløp spør Eyolf Henrik korleis han opplevde dei to forløpa.
Henrik: Eg føler hvert fall ofte at det blir best når eg ikkje tenker for mykje (…).Ofte når ein speler fritt lurer ein jo på kor mykje initiativ ein skal ta, og kor mykje ein skal vente på andre sine initiativ.
Eyolf: Eg prøvde å legge merke til kva du gjorde ofte, noko som sjølvsagt blei påverka av kva eg gjorde, men som uansett kom frå deg. Det er nokre ting eg la merke til, som ofte kjem som ein «kjedereaksjon» hos deg.